Duster Bennett
Anthony «Duster» Bennett (23. september 1946–26. mars 1976) var ein britisk bluessongar og musikar. Med base kring London gav han ut det første albumet sitt Smiling Like I'm Happy der han spelte alle instrumenta sjølv, med basstromme på foten, munnspel og ein gitar som han fekk i 1968 av Peter Green.[1] I lag med kjærasten Stella Sutton og det originale Fleetwood Mac på tre songar fekk albumet god kritikk. Han vart verande populær i det lokale blues-miljøet fram til han døydde i ei bilulukke i 1976.
Tony «Duster» Bennett | |||
Bennett til høgre med John Mayall på ein turné i USA i 1970. | |||
Fødd | 23. september 1946 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Welshpool i Powys i Mid Wales i Storbritannia. | ||
Død | 26. mars 1976 (29 år) | ||
Fødenamn | Anthony Bennett | ||
Alias | Duster Bennett | ||
Opphav | Storbritannia, Wales | ||
Aktiv | 1960-åra–1976 | ||
Sjanger | Britisk blues, britisk R&B, akustisk blues, elektrisk blues, kvit soul | ||
Instrument | vokal, akustisk gitar, slidegitar, elektrisk gitar, munnspel, perkusjon, trommer, klaverinstrument, bassgitar, mandolin | ||
Tilknytte artistar | John Mayall, Alexis Korner, Top Topham, Fleetwood Mac | ||
Plateselskap | Blue Horizon, Toadstool | ||
Verka som | Musikar, songar-låtskrivar |
Han turnerte òg med John Mayall's Bluesbreakers i 1970.
Utvald diskografi
endre- 1975: Fingertips (på Toadstool Records)
- 1970: 12dbs (på Blue Horizon Records)
- 1969: Justa Duster (på Blue Horizon Records)
- 1969: Bright Lights (live session), «I'm gonna wind up ending up or I'm gonna end up winding up with you» (45rpm single)
- 1968: Smiling Like I'm Happy (på Blue Horizon Records)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Duster Bennett» frå Wikipedia på engelsk, den 12. mai 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: