Elektrisk blues syner til forskjellige former for blues som vert framført med elektrisk forsterka musikkinstrument. Gitaren var det første instrumentet som vart forsterka og brukt av tidlege pionerar som T-Bone Walker seint i 1930-åra og John Lee Hooker og Muddy Waters i 1940-åra. Stilen deira utvikla seg til West Coast-blues, Detroit-blues og etterkrigstida sin Chicago-blues, som skilde seg frå den tidlegare, hovudsakleg akustiske bluesen. Tidleg i 1950-åra spelte Little Walter bluesmunnspel inn i ein liten handheldt mikrofon, som sendte signala inn i ein gitarforsterkar. Sjølv om det tok litt lengre tid, tok den elektriske bassgitaren gradvis over for kontrabassen innan starten av 1960-åra. Elektriske orgel og andre klaverinstrument vart seinare mykje nytta i elektrisk blues.

Kjelder endre