Eärendil er namnet på ein sentral helt i legendariet til J.R.R. Tolkien. Namnet hans tyder "Hav-ven" på alvespråket Quenya.

Legendariet endre

Eärendil vart fødd i Gondolin mot slutten av den første heimsæva, som son av mannen Tuor og alveprinsessa Idril. Det var tidlegare spådd av Huor, far til Tuor, at ei "stjerne" skulle stige opp frå sameininga mellom hans ætt og kong Turgon av Gondolin, far til Idril. Eärendil var soleis halvt alv, og sju år gamal då Gondolin fall. Han og foreldra kom seg unna og rømde til Falas. Her vaks Eärendil opp, og vart kjend med sjømannskap. Her møtte han og alvejenta Elwing, barnebarn av Lúthien, og desse to vart med tida gift, og fekk to søner: Elrond og Elros. Elwing hadde med seg den siste av silmarillane. Etter at Tuor reiste bort, vart Eärendil meir og meir oppteken av å finne vegen til Valinor for å tala saka til alvar og menneske, sidan mange kjende på seg at dei var ettergjevne til Morgoths herrevelde i Midgard. Eärendil reiste vide på havet, men nådde aldri fram til Ytste Vest.

I Midgard kom sønene til Fëanor brått over alvane i Falas, og staden vart herja. Elwing kasta seg på sjøen med silmarillen om halsen, og Valaen Ulmo berga ho ved å gje ho fugleham. Som ein måse flaug ho for å finne Eärendil som siglde hava i skuta si, Vingilot (Brimblomen). Ho landa på dekket, og fekk att den opphavlege skapnaden sin. Med Silmarillen på panna vann han gjennom skuggehava og nådde Valinor. Her bar han fram erendet sitt, og Valaene fekk medkjensle med folka i Midgard. Men Eärendil og Elwing fekk valet mellom å leva som alvar eller menneske, sidan dei var av båe ætter. Eärendil let Elwing velja først, og ho valde alvelivet for Lúthiens skuld. Då valde Eärendil sameleis, og Varda gav han ei ny oppgåve, som var å segle over himmelkvelven med silmarillen på panna. Frå Midgard vart han då rekna som ei stjerne, og høgt æra av alvane.

I Ringdrotten kjem det fram at det er lyset frå stjerna Eärendil som blir samla i ei lita glassflaske til hjelp for Frodo Skrepping på vegen til Mordor. Denne flaska blir sidan teken med vest til Valinor.

Diktet Eärendilinwë er ei poetisk attgjeving av forteljinga, som er fletta inn i Ringdrotten, og i fiksjonen dikta av Bilbo Skrepping.

Inspirasjon endre

Bakgrunnen for soga om Eärendil fann Tolkien i eit gamalengelsk dikt av Cynewulf frå om lag 1000. Diktet heiter Crist, og skildrar Jesus. I dette diktet festa Tolkien seg særskild ved to verseliner:

Eala Earendel engla beorthast
Ofer middangeard monnum sended.

Eller omsett: Ver helsa, Earendel, bjartast av englar, send til Midgard for mannesønom.

Tolkien tok til å undre seg over kva namnet Earendel kunne tyde, og utvikla legendariet sitt frå dette. Dei første dikta om Earendel, som han kalla han på denne tida, er frå om lag 1915.

På gamalengelsk kan namnet Earendel tyde lysstråle, men er og knytt til det norrøne namnet Aurvandil ("lysvandrar"). Namnet finst i forteljinga om Hrungne. Stjerna Venus var og kalla "Aurvandils tå". I Tolkiens verd er Venus identisk med stjerna Eärendil. Namnet er og ein variant av kongenamnet Horvendel hjå Saxo Grammaticus. Namnet er brukt på far til Hamlet.

Bakgrunnen for diktet til Cynewulf er ein antifon kalla O Oriens, som og er ei hylling til morgonstjerna. Bakgrunnen for dette att, er Peters andre brev i Det nye testamentet, vers 19, der det heiter:

Difor står profetordet så mykje fastare for oss. Og dette ordet gjer de vel i å halda fast på. Det er ei lampe som skin på ein mørk stad til dagen gryr og morgonstjerna stig opp i hjarta dykkar.

Orda "den sanne morgonstjerna", nytta om Kristus, finnast og i Johannes´ Openberring.

Kjelder endre