ECARE
ECARE, spansk akronym for Estación Científica Antártica Ruperto Elichiribehety, er ein uruguayansk sommarstasjon oppretta av Det uruguayanske antarktisinstituttet den 22. desember 1997 på Den antarktiske halvøya.
ECARE | |||
stasjon | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Graham Land | ||
- koordinatar | 63°24′08″S 56°58′23″W / 63.40222°S 56.97306°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
ECARE 63°24′09″S 56°59′27″W / 63.40237211°S 56.9909068°W | |||
Wikimedia Commons: Elichiribehety Station |
ECARE ligg i Hut Cove, søraust for Hope Bay og nordaust på Den antarktiske halvøya, like ved den argentinske Esperanza-basen. Stasjonen kan ta imot sju personar og vert nytta til å forske på det omliggande området. Hanv ar tidlegare ein britisk stasjon kalla Trinity House.
Stasjonen er kalla opp etter Ruperto Elichiribehety, ein uruguayansk marineløytnant som i 1916 leia ein uruguayansk ekspedisjon for å redde Shackleton-Rowett-ekspedisjonen som var stranda på Elefantøya.