EHF-meisterligaen i handball 2011/Kvinner

Meisterligaen i handball 2011 for kvinner var ei turnering arrangert av Europas handballforbund (EHF) som tok til med kvalifiseringsspel 3. september 2010 og avslutta med dobbeltfinale 7. og 14. mai 2021. Larvik Håndballklubb vann turneringa. Det var fyrste gongen eit norsk lag vann EHF-meisterligaen.

Gruppespela endre

Etter innleiande kvalifiseringsrundar vart gruppespelet med fire grupper à fire lag avvikla i tida 9.oktober til 21. november. Dei to beste laga i kvar av desse gruppene gjekk vidare til hovudrunda. Hovudrunda vart avvikla i to grupper frå 4. februar til 20. mars 2011. Dei to flittigaste poengsankarane i B-gruppa, Győri ETO og Larvik HK, begge 10 poeng, og i A-gruppa, ŽRK Budućnost og SD Itxako begge 8 poeng, kvalifiserte seg til semifinale.

Semifinalane endre

  • SD Itxako – Győri ETO 50 – 45 (26-21 og 24-24)
  • Larvik HK – ŽRK Budućnost 52 – 44 (25-20 og 27-24)

Finalane endre

Framom 4 416 tilskodarar vann Larvik HK heimekampen i Arena Larvik den 7. mai med 23–21. Bortekampen i spanske Pamplona sju dagar seinare enda med knappe 25-24 til SD Itxako, dermed sikra Larvik seg EHF-trofeet med 46 mål mot 45 Itxako sine 45.

Måla til Larvik HK kom frå Tonje Larsen 8+4, Linn Sulland 0+10, Heidi Løke 6+1, Linn-Kristin Riegelhuth 3+3, Nora Mørk 3+1, Gro Hammerseng 2+2 og Kari Mette Johansen 1+3. Cecilie Leganger og Lene Rantala var målvakter. Sara Breistøl, Karoline Breivang, Tine Kristiansen, Olga Medvedova og Tine Stange kom ikkje på skåringslistene.

Carmen Martín skåra i alt 15 mål for det spanske laget.

Kjelder endre