EHF-meisterligaen i handball 2015/Kvinner
Meisterligaen i handball 2015 for kvinner var ei turnering arrangert av Europas handballforbund (EHF) som tok til med kvalifiseringsspel 20. september 2014 og avslutta med sluttspel 9.-10. mai 2015. I finalen vann montenegrinske ŽRK Budućnost over norske Larvik HK.
Etter kvalifiseringsspel i september opna turneringa med 16 deltakande lag i seriespel delt i fire grupper à 4 lag. Dei tre laga med flest poeng i dei enkelte gruppene gjekk vidare til hovudrunda, som bestod av to grupper à 6 lag. Dei fire beste i desse to gruppene møttest til kvartfinalar basert på poengskår.
Sluttspelet
endreSluttspelet vart avvikla i Budapest helga 9. og 10. mai 2016.
- Semifinalane:
- Larvik HK – Dinamo Volgograd 31–22
- ŽRK Budućnost – Vardar 27–17
- Bronsekampen:
- Vardar – Dinamo Volgograd 28–26
Finalen
endre- ŽRK Budućnost – Larvik HK 26–22
Budućnost tok føringa frå start og leia 8-5 halvvegs i fyrste omgang, til pause auka laget til 14-8. Sju minutt ut i andre omgang stod det 18-10 og sidan kontrollerte Budućnost inn til firemålstriumf.
Budućnost stilte med Clara Woltering i mål. Måla kom frå Katarina Bulatović (7), Majda Mehmedović (6), Dragana Cvijić (4), Cristina Neagu (3), Radmila Petrović (3), Milena Knežević (2), Kinga Byzdra (1).
Larvik HK mønstra målvakt Sandra Toft og målskytarane Nora Mørk (10), Anja Edin (6), Kristine Breistøl (2), samt eittmålskårarane Marit Frafjord, Gro Hammerseng, Sanna Solberg og Linn Sulland. Linn-Kristin Riegelhuth, Vilde Johansen, Mari Molid, Karoline Breivang og Tonje Larsen kom ikkje på skåringslista.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «EHF Champions League der Frauen 2014/15» frå Wikipedia på tysk, den 5. oktober 2022.