Earth av Vangelis

studioalbum av Vangelis
Earth
Studioalbum av Vangelis
Språk engelsk
Utgjeve 1973
Innspelt Europa-Sonor studios i Paris
Sjanger Electronica, progressiv rock, new-age
Lengd 38:47
Selskap Vertigo, # 6499 693 (LP)
Produsent Vangelis O. Papathanassiou
Vangelis-kronologi 
Fais que ton rêve soit plus long que la nuit
(1972)
Earth L'Apocalypse des animaux
(1973)


Earth er det tredje soloalbumet til den greske musikaren Vangelis, gjeve ut i 1973. Albumet var det siste Vangelis spelte inn i Paris før han flytta til London.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3.5/5 stars[1]

Albumet var ein del av eit større konseptprosjekt som hadde arbeidsstittelen Charge. Det vart laga så mykje musikk til prosjektet at ikkje alt fekk plass på det endelege albumet. I 1974 vart to spor som var til overs etter innspelingane til Earth gjevne ut som singel på WWA label: «Who», skriven av Fitoussi og Dassin på A-sida med vokal av Dassin, og instrumentalen «Sad Face», av Vangelis sjølv, på B-sida. Andre songar som vart laga for albumet var «Friends», «The River», «Sunday in Central Park», «The Witches are Out» og «Passer By». Desse songane er ikkje gjevne ut sidan.[2]

Stil endre

Albumet er eit døme på progressiv rock frå tidleg i 1970-åra, men gjev òg glimt av New Age-musikk, som på «We were all uprooted». Tittelen på albumet syner til inspirasjonen frå eldgamal (førkristen) gresk og dorisk musikk. Richelle Dassin skreiv tekstane til albumet, som har eit andelege tema.

Utgjeving endre

Somme kritikarar ser albumet som eit direkte framhald av det han laga for bandet Aphrodite's Child. Det var først på dei neste albuma til Vangelis at dei elektroniske instrumenta vart meir dominerande.

I motsetnad til Heaven and Hell (1975) og somme filmmusikkalbum frå perioden, vart ikkje Earth gjeve ut på CD i 1980-åra, og kom først på CD i 1996, og då berre i Hellas.

Innhald endre

All tekst er skriven av Richelle Dassin; all musikk er komponert av Vangelis.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Come on»2:09
2.«We Were All Uprooted»6:51
3.«Sunny Earth»6:41
4.«He-O»4:12
Side to
Nr.TittelLengd
5.«Ritual»2:45
6.«Let It Happen»4:19
7.«The City»1:16
8.«My Face in the Rain»4:23
9.«Watch Out»3:02
10.«A Song»3:28

Medverkande endre

  • Vangelis spelar klaverinstrument (Hammond L100-orgel, Tornado harmonium, Selmer Clavioline), perkusjon og andre etniske instrument (fløyte, tabla) og syng korvokal. Dei fleste syntetiske, organiske lydane på albumet kjem frå Hammond L100-orgelet hans, gjennom ein Binson Echorec og somme andre effektar.
  • Anargyros Koulouris: gitar, korvokal, lutt
  • Robert Fitoussi: bass, vokal på spor 1, 4, 6 og 8.
  • Warren Shapovitch: stemme på «We Were All Uprooted» og «A Song».

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre