East New Britain-provinsen
East New Britain er ein provins på Papua Ny-Guinea. Provinsen ligg i Bismarck-øyane og omfattar austdelen av øya New Britain og Duke of York-øyane. Kokopo har vore provinshovudstad sidan 1994, då den tidlegare hovudstaden Rabaul blei råka av eit vulkanutbrot.
East New Britain-provinsen | |||
---|---|---|---|
| |||
Plassering | |||
Styresmakter | |||
Land | Papua Ny-Guinea | ||
Hovudstad | Kokopo | ||
Geografi | |||
Flatevidd | 15 500 km² | ||
Innbyggjarar[1] - Totalt (2011) - folketettleik |
271 250 17,5 /km² | ||
Annan informasjon |
Det blir tala seksten austronesiske språk i provinsen. Kuanua som blir tala av tolaiar på Gazelle-halvøya er det mest utbreidde.
Mange av innbyggjarane driv sjølvbergingsjordbruk. Det blir også dyrka kopra og kakao for sal, og turisme er i vekst.
Administrativ inndeling endre
Provinsen er delt inn i fire distrikt:
- Gazelle
- Kokopo
- Pomio
- Rabaul
Bakgrunnsstoff endre
- Denne artikkelen bygger på «East New Britain Province» frå Wikipedia på engelsk, den 3. april 2013.