Kopra er den tørka frøkviten av kokosnøtt.[1] Kopra er ei viktig eksportvare for mange tropiske land der det veks kokospalmar. Det blir mellom anna brukt til å laga kokosolje, som er ein viktig ingrediens i produkt som såpe og margarin.[2] Koprarestane har eit høgt fiber- og proteininnhald (ca. 18-25 %), og blir gjerne brukt som fôr til drøvtyggarar.[3]

Produksjon av kopra på Bali.
Tørking av opna kokosnøtter til kopraproduksjon i Kozhikode i Kerala.

Kjelder

endre
  1. «kopra» i Nynorskordboka.
  2. «Pappa, jeg kan ikke få opp min kokosnøtt», sydhav.no
  3. Grimwood, BE; Ashman, F; Dendy, DAV; Jarman, CG; Little, ECS; Timmins, WH (1975). Coconut Palm Products – Their processing in developing countries. Rome: FAO. s. 193. ISBN 978-92-5-100853-9. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Kopra
  Denne biologiartikkelen som har med mat å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.