Eburran er namnet på ein austafrikansk reiskapstradisjon frå steinalderen. Han omfattar funn frå 13 000 f.Kr. og seinare. Det er særleg funne spor etter han rundt Nakurusjøen i Ol Doinyo Eburru-vulkankomplekset i Riftdalen i Kenya.[1] Ein har funne reiskapar laga av det vulkanske glaset obsidian ved Gambles-hòla. Kulturen var ei tid kjend som «kenyansk capsien», ettersom funna minner om den nordafrikanske capsienkulturen. Seinare har ein likevel kome til at dei er sjølvstendige frå kvarande.

Nakuru-sjøen, der det er funne mange eburranspor.

Eburran blir delt inn i fem fasar:

  • Fase 1, tok til for rundt 12 000 år sidan, der ei kort tid med fuktig klima blei avløyst av tørt klima
  • Fase 2, frå rundt 9–10 000 år sidan, då klimaet blei svært fuktig
  • Fase 3, frå rundt 8 000 år sidan
  • Fase 4, frå rundt 6–7 000 år sidan, med ujamnt tørrare klima
  • Fase 5, frå rundt 5 000 år sidan, då klimaet var mykje tørrare enn no. I denne perioden finn ein også keramikk (Nderit og Ilderet) og etterkvart også husdyr på stader med eburran-verktøy.

Eburranfolk før fase 5 livnærte seg derimot av jakt og sanking. Rundt år 700 fann det stad ein overgang frå gjetar-neolittisk kultur til gjetar-jernalder i området.[1]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Ambrose, Stanley H. (1998): Chronology of the Later Stone Age and food production in East Africa. Journal of Archaeological Science, 25 (4): 377-392, doi: 10.1006/jasc.1997.0277, PDF.
  • Kent, Susan (1998), Gender in African prehistory, Rowman Altamira, ISBN 9780761989684 
  • Sinclair, Paul J. J. (1991), «Archaeology in Eastern Africa: An Overview of Current Chronological Issues», The Journal of African History 32: 179–219