Echelmeyerstraumen
Echelmeyerstraumen, tidlegare kalla Ice Stream F, er ein isstraum i Den vestantarktiske innlandsisen som flyt vest til Shirase Coast nord for MacAyeal Ice Stream og er ein av fleire store isstraumar som flyt frå Marie Byrd Land og ut i Rossisen. Isstraumane vart undersøkt og kartlagt av U.S. Antarctic Research Program i løpet av fleire feltsesongar frå 1983–84 og opphavleg kalla Ice Stream A, B, C, etc., etter plasseringa deira frå sør til nord.[1]
Echelmeyerstraumen | |||
isstraum | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Oates Land | ||
- koordinatar | 79°10′S 150°00′E / 79.167°S 150.000°E | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Echelmeyerstraumen 79°10′00″S 150°00′00″E / 79.1667°S 150°E | |||
Namnet vart endra frå Ice Stream F av Advisory Committee on Antarctic Names i 2002 etter Keith A. Echelmeyer ved Geofysisk institutt ved University of Alaska, Fairbanks, som studerte isstraumane i Marie Byrd Land 1992–93 og 1994–95, i tillegg til rasktflytande isbrear i Alaska og Grønland.[1] Dr. Echelmeyer var ein student under Barclay Kamb, som Kambstraumen er kalla opp etter.
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 «Echelmeyer Ice Stream». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 16. januar 2014.
- Antarktis glasiologs Honored by ACAN Arkivert 2007-06-30 ved Wayback Machine.
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Echelmeyerstraumen» (innhald frå Geographic Names Information System).