Ed Dahi
Ed Dahi, òg kalla ad-Dahi (arabisk الدحي) eller berre Dahi (hebraisk דַחִי) er ein arabisk landsby nordaust i Israel. Han ligg like ved Afula og høyrer til Bustan al-Marj regionale kommune. Landsbyen ligg 550 meter over havet.[1] I 2006 hadde han eit folketal på 556.
Ed Dahi | |||
דַחִי, لدحي, דַחִי | |||
landsby | |||
Nabi Dahi, grava til Dahia Bin Khalifa al-Kalbei
| |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Nord distrikt | ||
Kommune | Bustan al-Marj | ||
Koordinatar | 32°37′16.1″N 35°20′36.56″E / 32.621139°N 35.3434889°E | ||
Folketal | 556 (2006) | ||
Ed Dahi 32°37′16″N 35°20′37″E / 32.621138888889°N 35.343488888889°E | |||
Kart som viser Ed Dahi.
| |||
Wikimedia Commons: Ed Dahi |
Historie
endreLandsbyen er kalla opp etter Dahia Bin Khalifa al-Kalbei, som i følgje islamsk tradisjon var ein ven av profeten Muhammed. Dahia, ein ambassadør for Muhammed, prøvde å omvende den bysantinske keisaren Heraklios til islam. I følgje ei lokal segn skal Dahia ha vorte drepen og gravlagd der landsbyen ligg.[1]
Under det britiske styret og folketeljinga i 1931, var det 16 busette hus i Ed Dahi for eit folketal på 87 muslimar.[2]