Edel Hætta Eriksen

Edel Hætta Eriksen (Lemet Edel) (fødd 1921 i Kautokeino) er ein samisk pedagog. Ho har lærarskolen frå Nesna og Tromsø, og tilleggsutdanning i forming og samisk. Hætta Eriksen var lærar i Kautokeino 1949-76 (rektor frå 1969), og leiar for sekretariatet i Samisk utdanningsråd frå 1977 til 1989.

Edel Hætta Eriksen
Fødd 17. oktober 1921 (101 år)
Kautokeino
Yrke lærar, politikar, forfattar, redaktør, pedagog

Hætta Eriksen var sentral i arbeidet med å starte opp att undervisning i og på samisk i grunnskolen frå og med 1967, etter mange tiår med fornorskingspolitikk. Som den første sekretariatsleiaren av Samisk utdanningsråd var ho med å snu skolepolitikken i Noreg frå ein assimilatorisk politikk til ein skole for samiske elevar.

KjelderEndra