Edel Leverås (fødd 18. november 1934), gift Serigstad, er ein norsk tidlegare friidrettsutøvar som åra 1956-63 vart noregsmeister fem gongar i kulestøyt, fire gongar i diskoskast og i 1956 den siste norske meister i slengballkasting.

Edel Leverås
Statsborgarskap Noreg
Fødd 18. november 1934 (89 år)
Idrett friidrett

Aktiv endre

Leverås sette 29. juli 1956 norsk rekord i kulestøyt med 11,79 meter på Skatval. Tre veker seinare vann ho gullmedaljen i øvinga under NM i friidrett 1956, der ho òg sikra seg det siste NM-gullet i slengballkasting og fekk bronsen i diskoskastinga. Åra 1957, 1958 og 1960 vart Leverås dobbeltmeister i noregsmeisterskapen. Elles vann ho NM-gull i kulestøyt i 1961 og diskoskast i 1963.

I åra fram til 1961 forbetra Leverås noregsrekorden i kulestøyt heile 11 gongar, frå 12,08 m i 1957 til sist 13,24 meter i 1961. Under NM i friidrett 1958 i Trondheim kasta Leverås diskosen 40,42 m og sletta dermed den seks år gamle noregsrekorden til Kirsti Jordet. Seinare forbetra Leverås rekorden ytterlegare fire gongar, sist til 42,29 meter då ho vann bronsemedaljen i diskoskast under Nordisk meisterskap i friidrett 1961Bislett stadion i Oslo den 31. juli 1961. Den noregsrekorden gjaldt til 1968, noregsrekorden hennar i kulestøyt fall i 1964.

Kjelder endre