Slengball er ein ball med ei om lag 15 cm lang reim påmontert. Ballen skal vere minst 52 cm i omkrins. Det er inga avgrensing på kor lang rennefart ein kan ta når ein tevlar i slengballkasting.

Slengball vert brukt til lengdekasttevlingar for gutar og jenter. For aldersklassane 10–14 år skal ballen vege ein kilo, medan han for 7–9-åringane skal vege 0,7 kg. Slengball kan også nyttast som kastøving i mangekamp for klassar opp til og med 12 år.

I perioden 1951–1956 var øvinga eiga grein i Noregsmeisterskapen i friidrett i seniorklassa for kvinner.

Medaljevinnarar i NM for senior, kvinner

endre

Lengstekast oppgjeve i meter

År  : Gull: Sylv: Bronse:
1951 Kirsti Jordet (IL Follogutane) 43,21 Grethe Werner (Torshaug IF) 40,35 Edith Todnem (IF Ørnulf) 38,22
1952 Kirsti Jordet (IL Follogutane) 46,35 Åse Engedahl (Gamlebyen IL) 40,14 Eva Olsen (Refstad IL) 39,58
1953 Hallfrid Østerbø (Bergens Turn) 41,95 Grethe Werner (Torshaug IF) 41,92 Unni Sæther (IL Tyrving) 41,22
1954 Hallfrid Østerbø (Bergens Turn) 46,83 Aslaug Homble (Nannestad IL) 45,58 Johanne Greibrok (IL Skarphedin) 44,64
1955 Aslaug Homble (Nannestad IL) 43,92 Hallfrid Østerbø (Bergens Turn) 42,90 Edel Leverås (Frol IL) 42,14
1956 Edel Leverås (Frol IL) 44,64 Unni Smedstad (IL Tyrving) 42,85 Hallfrid Østerbø (Bergens Turn) 42,71

Bakgrunnsstoff

endre