Kirsti Jordet
Kirsti Jordet (12. mai 1932–19. april 2019) er ein norsk tidlegare friidrettsutøvar frå Vingelen med til saman 14 noregsmeistertitlar og to Kongepokalar. Jordet sette noregsrekordar i diskoskast, høgdesprang og spydkast. Fram til og med 1952 tevla ho for Follagutane, i 1953 for Røros IL og frå 1954 for IL BUL (Idrottslaget i Bondeungdomslaget i Oslo).
Kirsti Jordet | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 12. mai 1932 |
Død | |
Idrett | friidrett |
Noregsrekordane endre
Høgdesprang med tillaup endre
1,50 m i 1949 endre
Dette var to centimer høgare enn Berit Byhre sin rekord frå 1947. Jordet mista rekorden alt seinare same året, då Unni Sæther hoppa 1,51.
Spydkast endre
39,95 i 1950 endre
Rekorden vart sett under NM. 39,95 var ei kraftig forbetring frå den tidlegare rekorden på 34,19 av Edith Todnem frå same året. Rekorden stod til 1952 då Alfhild Nærland kasta 41,12.
Diskoskast endre
39,35 i 1952 endre
Den tidlegare rekorden var på 37,59 frå 1950 og høyrde til Edith Todnem. Jordet forbetra sjølv rekorden i NM same året.
40,20 i 1952 endre
Denne rekorden vart ståande i seks år, heilt til Edel Leverås kasta 40,42 i 1958.
Medaljar i NM i friidrett for senior endre
Kirsti Jordet tok til saman 34 medaljar i NM i perioden 1949–1957; 14 gull, 13 sylv og 7 bronse. Dei fleste av desse vann ho i tekniske øvingar, men ho fekk også tre medaljar i laupsøvingar og fire medaljar i trekamp. I 1949 og 1950 fekk ho òg Kongepokalen.
År | Øving | Medalje | Resultat | |
---|---|---|---|---|
Diskoskast | ||||
1950 | Sylv | 35,17 m. | ||
1951 | Gull | 36,61 m. | ||
1952 | Gull | 40,20 m. | ||
1953 | Gull | 36,87 m. | ||
1954 | Gull | 38,05 m. | ||
1956 | Gull | 36,31 m. | ||
Hekkelaup | ||||
1952 | 80 m. | Sylv | 13,5 s. | |
Høgdesprang | ||||
1949 | u/tillaup | Gull | 1,19 m. | |
1949 | m/tillaup | Gull | 1,50 m. | |
1950 | m/tillaup | Bronse | 1,43 m. | |
1951 | m/tillaup | Sylv | 1,40 m. | |
1952 | m/tillaup | Sylv | 1,46 m. | |
Kortdistanselaup | ||||
1949 | 100 meter | Sylv | 13,0 s. | |
1949 | 200 meter | Sylv | 26,7 s. | |
Kulestøyt | ||||
1949 | Gull | 11,43 m. | ||
1950 | Gull | 11,10 m. | ||
1951 | Sylv | 10,98 m. | ||
1952 | Bronse | 11,20 m. | ||
1953 | Bronse | 10,38 m. | ||
1956 | Bronse | 11,04 m. | ||
Lengdesprang | ||||
1949 | u/tillaup | Gull | 2,68 m. | |
1949 | m/tillaup | Sylv | 4,94 m. | |
1951 | u/tillaup | Bronse | 2,47 m. | |
Mangekamp | ||||
1949 | Trekamp | Sylv | 1741,10 p. | |
1950 | Trekamp | Bronse | 1709,80 p. | |
1951 | Trekamp | Gull | 1475 p. | |
1957 | Trekamp | Sylv | 2043 p. | |
Slengball | ||||
1951 | Gull | 43,21 m. | ||
1952 | Gull | 46,35 m. | ||
Spydkast | ||||
1950 | Gull | 39,95 m. | ||
1951 | Sylv | 32,60 m. | ||
1952 | Sylv | 35,86 m. | ||
1954 | Sylv | 33,60 m. | ||
1956 | Bronse | 31,38 m. |
Bakgrunnsstoff endre
- Nettsidene til Norges Fri-idrettsforbund
- Rolf Bryhn og Knut Are Tvedt: Kunnskapsforlagets idrettsleksikon Oslo, 1990. ISBN 82-573-0408-5