Opna hovudmenyen

Edgar Rice Burroughs

amerikansk skribent

Edgar Rice Burroughs (1. september 187519. mars 1950) var ein amerikansk forfattar. Han er særleg kjend som opphavsmannen til Tarzan og serien om John Carter på Mars.

Edgar Rice Burroughs
E-R-Burroughs.jpg
Fødd 1. september 1875
Chicago
Død

19. mars 1950
California

Yrke romanforfattar, manusforfattar, science fiction-forfattar, prosaforfatter, barnebokforfattar
Sjanger science fiction, fantasy, eventyrroman, planetary romance, Sword and planet, western
Ektefelle Florence Gilbert
Born John Coleman Burroughs
Edgar Rice Burroughs på Commons
Tittelsida til Tarzan of the Apes

Edgar Rice Burroughs var fødd i Chicago i Illinois. Han gjekk på militærhøgskole og var ei tid militær ved eit kavaleriregement. Deretter arbeidde han i ulike yrke - han var cowboy, gullgravar, politi og kontortilsett. Gjennombrotet fekk han med debutromanen Tarzan of the Apes (1914) som vart følgd av ei mengd Tarzan-romanar.[1] Burroughs skreiv òg science fiction, som til dømes forteljingane om den oppdikta jorda i forteljingane om Pellucidar og bokserien om John Carter på Mars.

Burroughs døydde i Encino i California.

KjelderEndra

  1. Carlquist, Gunnar; Carlsson, Josef: Svensk uppslagsbok. Bd 5, Malmö : Förlagshuset Norden 1947-1955, s. 402. Libris 11112. Henta 2015-05-10.