Tarzan er hovudpersonen i ein romanserie på 24 bind, av Edgar Rice Burroughs, ei barnebok med to forteljingar og seinare i andre medium, som filmar og teikneseriar.[1]

Johnny Weissmuller som Tarzan i eventyrfilmen Tarzan (1932).

Tarzan er i bøkene son av to britiske adelsfolk som vert etterlatne av mytteristar på ei aude strandstrekning på Afrikas vestkyst. I eit forsøk på å overleva bygger foreldra ei hytte i jungelkanten, men vert drepne av store aper medan guten er spedbarn. Tarzan vert oppdregen av apen Kali og adoptert inn i apearten mangani, moglegvis eit mellomledd mellom sjimpansar og gorillaer. Tarzan finn etterkvart attende til hytta til foreldra og viser ein uvanleg intelligens ved å læra å lesa og skriva av ABC-bøkene dei hadde med seg. Han finn òg ein stor kniv, som gjer at han klarer å drepa ein gorilla som angrip han. Han etablerer seg etterkvart som leiar av apeflokken, ved å overvinna den tyranniske og sjalu leiaren Kerschak. Seinare kjem han i kontakt med andre menneske og moderne sivilisasjon. Han får den rettmessige stillinga si i det britiske adelsskapet, før han vender attende til Afrika og buset seg ei tid på ein gard.

Romanserien utvikla seg til ei blanding av samtidskommentar, science fiction og historisk fantasy. Tarzan kjempar mot alt frå arabisk slavehandel til russiske eventyrarar. Han er ein skarp sivilisasjonskritikar, som føretrekker det enkle og nådelause livet i naturen. Han fører geriljakrig på britisk side i Den fyrste verdskrigen og deltek i flyvåpenet i andre verdskrig, der han vert skote ned over Sumatra og samarbeider med amerikanarane i kampen mot den japanske okkupasjonen. Ei vanleg handling i ei Tarzan-bok er oppdaginga av bortgjøymde land. Døme på dette er Pal-ul-don, med dinosaurar og apemenneske, og tapte sivilisasjonar av alt frå romarar til riddarar. Tarzan vert ofte vikla inn i kampane mellom to uforsonlege byar. I ei av bøkene reiser han òg til Pellucidar i det indre av jorda og vert dermed ein del av Burroughs romanserie om denne gøymde verda.

Det fyrste bindet i serien vart utgjeve i 1914, etter at det først vart publisert i eit magasin i 1912, og serien held fram inntil forfattaren døydde i 1950. Seinare har det vorte laga ei rekkje andre forteljingar, bøker, teikneseriar, TV-seriar og filmar om Tarzan. Det amerikanske filminstituttet har kåra Tarzan til det 34. beste av filmhistoria sine helteskikkelsar.[2]

Sjå òg endre

  • Mowgli, jungelguten i Jungelboken

Kjelder endre

  1. Haugen, Morten O. (25. januar 2023). «Tarzan». Store norske leksikon (på norsk). 
  2. «AFI'S 100 YEARS...100 HEROES & VILLAINS». Det amerikanske filminstituttet. Henta 1. juni 2018. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Tarzan