Western er ei nemning på filmar og forteljingar som tek for seg livet i det ville vesten i Nord-Amerika. Handlinga er som regel henta i frå 1800-talet då kjende bandittar som Butch Cassidy, Sundance Kid, Daltonbrørne, Frank og Jesse James og Billy the Kid regjerte i vesten. Filmane, som kan kallast western- eller cowboyfilmar, tek som regel for seg dagleglivet til ein cowboy eller dei lovlause.

Western som filmsjanger har hatt fleire stordomsperiodar; seinst på 1960- og 70-talet med blant anna filmane til Sergio Leone. Leone-filmane er døme på undersjangeren «spaghetti-western», som har fått det namnet fordi filmane vart regissert av italienske regissørar og ofte hadde italienske skodespelarar. Ein skilnad mellom spaghetti-western og eldre amerikansk westernfilm er at handlinga er meir brutal og valdsam i spaghetti-western og den litt alternative filmmusikken som blant anna komponist Ennio Morricone står for.

Western har utvikla seg gjennom åra, tek ein filmar frå 1930- og 1940-talet har song ei stor tyding i filmen. Dette er songar som vart teke i bruk av cowboyar til song rundt leirbål. Denne forma for song har fått eit eige namn som blir kalla hesteopera.

Fram til 1960-talet var western òg ein populær sjanger innanfor underhaldningslitteraturen. Ein sein, norsk utløpar av denne tradisjonen er Louis Masterson sine bøker om Morgan Kane.

Kjende filmar endre

Kjende westernskodespelarar endre

Sjå òg endre