Edgard Varèse
Edgard Victor Achille Charles Varèse (22. november 1883–6. november 1965) ofte kjend som Edgar Varése, var ein fransk-amerikansk moderne komponist. Han etterlét seg eit mindre verk (til saman rundt tre timar), men er blitt rekna blant dei viktigaste komponistane frå 1900-talet, og er blitt rekna som ein opphavsmann til elektronisk musikk.
Edgard Varèse | |||
| |||
Fødd | 22. desember 1883 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Paris | ||
Død | 6. november 1965 (81 år) | ||
Dødsstad | New York by | ||
Opphav | Frankrike | ||
Sjanger | opera, klassisk musikk | ||
Verka som | komponist, musikkforskar, dirigent | ||
Gift med | Louise Varèse |
Varèse sin musikk vektlegg rytme og klangfarge. Han tok for alvor i bruk støylydar og gav dei ei sentral plassering i verka sine. På denne måten førebudde han bruken av dei nye elektroniske instrumenta i den klassiske musikken. Varese såg på musikk som organisert lyd, der alle lydar kunne nyttast i komposisjonsprosessen. Rytmikken blei det viktigaste elementet i musikken, og slagverksfamilien har ein sentral plass. Dette kjem særleg fram i det mest kjente verket hans, Ionisation (1931). Orkesteret han nyttar i denne komposisjonen, består av 13 musikarar som alle spelar ulike slagverksinstrument, til saman 37 instrument, i tillegg til to sirener.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Edgard Varèse» frå Wikipedia på bokmål, den 5. august 2009.
- Denne artikkelen bygger på «Edgard Varèse» frå Wikipedia på engelsk, den 5. august 2009.
Bakgrunnsstoff
endre