Opna hovudmenyen

Eduardo da Silva

brasiliansk fotballspelar

Eduardo Alves da Silva, ofte kjent berre som Eduardo (fødd 25. februar 1983 i Rio de Janeiro) er ein brasiliansk-kroatisk fotballspelar, som spelar for Sjakhtar Donetsk i den ukrainske fotballigaen og for det kroatiske fotballandslaget. Eduardo voks opp i Rio de Janeiro, der han vart oppdaga av speidarar frå Dinamo Zagreb i 1999, og fekk kontrakt med klubben. Han fekk kroatisk statsborgarskap i 2002.

Eduardo da Silva
Eduardo da Silva2.jpg
Personleg informasjon
Fullt namn Eduardo Alves da Silva
Fødd 25. februar 1983
Fødestad Rio de Janeiro
Høgd 178 cm
Posisjon Angrepsspelar
Klubbinformasjon
Noverande lag
Sjakhtar Donetsk
Nummer 11
Ungdomsklubbar


1999-2001
Brasil CBF Nova Kennedy
Brasil Bangu
Kroatia Dinamo Zagreb
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2001-07
2002-03
2007-10
2010-
Kroatia Dinamo Zagreb
Kroatia Inter Zaprešić (lån)
Flag of England.svg Arsenal
UKraina Sjakhtar Donetsk
120 (84)
15 (10)
41 (8)
6 (2)
Landslag
2004-05
2004-
Kroatia Kroatia U21
Kroatia Kroatia
12 (14)
32 (18)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 11. august 2010
‡ Landslagsmål oppdatert 11. august 2010

Eduardo vart seriemeister i Kroatia med Dinamo Zagreb i 2006 og 2007. I 2004 og 2006 vart han kåra til årets kroatiske spelar og i 2007 vart han toppskårar i den kroatiske toppdivisjonen. Same året vart han kjøpt av Premier League-klubben Arsenal i England for om lag 7,5 millionar pund. Etter tre sesongar i Arsenal vart han i juli 2010 kjøpt av den ukrainske toppklubben Sjakhtar Donetsk for om lag 6 millionar pund.

Eduardo debuterte for Kroatia sitt A-landslag 16. november 2004 som innbytar i ein privatlandskamp mot Irland. Han skåra det første landslagsmålet sitt mot Hongkong 1. februar 2006. Han vart ikkje teken ut i Kroatia sin tropp til fotball-VM i 2006. Under fotball-EM i 2008 var han skada etter eit stygt beinbrot, og kunne difor ikkje vera med i Kroatia sin tropp.