Edvard O. Landheim

norsk stortingsmann og gardbrukar

Edvard Olsson Landheim (12. september 185629. juli 1933) var ein gardbrukar og stortingsmann frå Dovre i Oppland. Han representerte Venstre på Stortinget i tida 1898-1903 og Arbeiderdemokratene frå 1908 til 1918.

Edvard O. Landheim
Fødd12. september 1856
Dovre
Død29. juli 1933
Statsborgar avNoreg
PartiArbeiderdemokratene, Venstre
Yrkebonde, politikar

Landheim gjekk folkehøgskule i Veøy i Romsdal i 1874/75 og på Vonheim folkehøyskole 1880/81. I 1882 tok han over farsgarden på Dovre og dreiv han i mange år. Frå 1903 var han også kontrollør av brennevinsproduksjonen i Oplandske distrikt. Landheim var medlem av heradsstyret i Dovre frå 1887 til 1910. Han var ordførar 1896-1901 og 1904-07. Forlikskommissær i perioden 1888-1910.

Landheim representerte Kristians amt på Stortinget 1898-1903 og krinsen Nord-Gudbrandsdalen 1910-18. Han var varamann 1906-09, møtte då frå 25. mars 1908 og ut stortingsperioden i staden for Johan Castberg. Landheim var medlem av vegkomiteen 1898-1903, kyrkjekomiteen 1908-09, gasje- og pensjonskomiteen 1910-12, og både av landbrukskomiteen og valkomiteen 1913-15. Dei tre siste periodane, 1910-18, var han også medlem av Lagtinget.

KjelderEndra