Edward Victor Appleton

britisk astronom og fysikar
(Omdirigert frå Edward V. Appleton)

Sir Edward Victor Appleton (6. september 189221. april 1965) var ein engelsk fysikar, kjend for undersøkingane sine av ionosfæren. Han vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 1947 for grunnleggande arbeid over Heaviside-laget og utbreiinga av radiobølgjer i atmosfæren. I 1946 fekk han Faraday-medaljen av Institute of Electrical Engineers.

Edward Victor Appleton

Fødd6. september 1892
Bradford
Død21. april 1965
Edinburgh
NasjonalitetStorbritannia
Områdefysikk
Yrkefysikar, astronom, professor, forskar
InstitusjonarKing’s College London
University of London
University of Cambridge
Alma materUniversity of Edinburgh
St John's College
University of Cambridge
DoktorgradsrettleiarJ.J. Thomson
Ernest Rutherford
EktefelleHelen Lennie Appleton
BarnRosalind Appleton-Collins
MedlemRoyal Society
Akademie der Wissenschaften der DDR
Kungliga Vetenskapsakademien
American Academy of Arts and Sciences
Det pavelege vitskapsakademiet
Det prøyssiske vitskapsakademiet
Indias nasjonale vitenskapsakademi

Frå 1924 var han professor i fysikk ved King's College i London og frå 1936 professor i naturfilosofi ved universitetet i Cambridge. Frå 1939 til 1948 var han sekretær i Department of Scientific and Industrial Research i London og frå 1948 rektor ved universitetet i Edinburgh. Han var medlem av Royal Society og president i International Scientific Radio Union. Appleton fekk Nobelprisen 1947

Kjelder

endre