Edwards Peninsula

Edwards Peninsula er ei isdekt halvøy kring 20 nautiske mil lang, mellom Murphyfjorden og Koetherfjorden på nordsida av Thurston Island. Ho vart skissert frå flyfotografi teken av U.S. Navy Operasjon Highjump i desember 1946 og av U.S. Navy skvadron VX-6 i januar 1960. Ho vart namngjeven av Advisory Committee on Antarctic Names etter løytnant Donald L. Edwards, som var navigatør på USS «Burton Island» under ekspedisjonen i Bellingshausenhavet i februar 1960.[1]

Edwards Peninsula
halvøy
Land  Antarktis
Stad Ellsworth Land
 - koordinatar 72°0′S 97°40′W / 72.000°S 97.667°W / -72.000; -97.667
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Edwards Peninsula
72°00′00″S 97°40′00″W / 72°S 97.6667°W / -72; -97.6667
Edwards Peninsula is located in Antarktis
Edwards Peninsula (Antarktis)

Kjelder

endre
  1. «Edwards Peninsula». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 5. januar 2013. 

  Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Edwards Peninsula» (innhald frå Geographic Names Information System).