Eg veit i himmerik ei borg

Eg veit i himmerik ei borg er ein salme omsett av Bernt Støylen, dels etter den tyske salmen «Ich weiß ein ewiges Himmelreich», dels etter H.C. Sthens omsetjing av den same salmen, «Jeg veed et evigt Himmerig».

Eg veit i himmerik ei borg, Bernt Støylen, 1920

Innhald

endre

Salmen er skriven som ein samtale mellom Jesus Kristus og kyrkjelyden. Kyrkjelyden er ein pilegrim som lengtar etter å nå fram til det trygge himmelriket (vers 1 – 3), Jesus trøystar med at han har frelst vandraren (vers 4 – 6) og kyrkjelyden svarer med bøn og takk til Kristus.

Historie

endre

Salmen er truleg dikta i Tyskland1500-talet, med tone etter ei verdsleg vise, «Es liegt ein Schlößlein i Österreich». Den tyske teksten er kjend frå Geistliches Gesangbuchlein, trykt i Hamburg 1612. H.C. Sthen har i si gjendikting skrive eit nytt niande vers, dessutan har teksten hans meir fullkomne rim.

Salmen var mykje bruka i Danmark og Noreg på 1600-talet. Thomas Kingo oppfører han som meloditilvisning for fleire av salmane sine. Likevel tok han ikkje teksten med i Kingos salmebok, noko som førte til at salmen etter kvart vart gløymd. I Landstads kirkesalmebog vart den danske teksten teken med i lett modernisert språk. Bernt Støylen skreiv så ei ny attdikting i 1905. I denne forma kom salmen i kyrkjesalmebøkene som kom ut på 1900-talet.

I Nynorsk salmebok er han oppført under bolken med salmar for 2. sundag i advent. I Norsk Salmebok er han oppført i kapitlet «Den kristne vona», og vert i dag kanskje framfor alt bruka til Helgemesse.

Lov Herren Katolsk salmebok har med dei tre første og dei fire siste vera; det er dei sju versa som kyrkjelyden syng.

Melodien

endre

Melodien som vert nytta i Noreg, er ein folketone frå Hallingdal. Den opphavlege tonen er «Es liegt ein Schlösslein i Österreich», ein tone som vi finn att ein variant av i koralboka som melodi til salmen «Opp alle ting som Gud har gjort» (NoS 283).

Teksten

endre

To vers etter Wachernagel 1613

Ich weiß ein ewiges Himmereich,
das ist ganz schön gebavret,
Nicht von Silber noch rothem Goldt,
mit Gottes Wort gemarvret.

Darin da wohnet Gottes Sohn,
das Jesus Kindelein fromme,
Zu welchem all mein Zuflucht steht,
biß das ich zu ihm komme.

Dansk omsetjing av H.C. Sthen

Jeg veed et evigt Himmerig,
Icke med Guld det røde
Omdraget er saa prydelig,
Men med Guds Ord det søde.

Der udi boer Jesus Christ,
Som er Guds Søn den fromme,
All min Tillig er han forvist,
Beder mig til sig komme.

Støylen si omsetjing i Nynorsk Salmebok

Eg veit i himmerik ei borg,
Ho skin som soli klåre.
Der er kje synder eller sorg,
Der er kje gråt og tåre.

Der inne bur Guds eigen Son
I herlegdom og æra,
Han er mi trøyst og trygge von,
Hjå honom eg skal vera.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Eg veit i himmerik ei borgWikikilden (frie originaltekstar)