Eidangerfjorden
Eidangerfjorden er ein fjord i Porsgrunn kommune i Telemark fylke. Han er 6 km lang, og strekkjer seg frå mellom Brevik og Sandøya, inn i Eidanger, til Nystrand. Den største øya er Kattøya inst i fjorden, ved camping- og badeplassen Olavsberget. Ved Nystrand ligg òg den landfaste Kotøya, som høyrer til «løpedronninga» Ingrid Kristiansen.
Eidangerfjorden | |||
fjord | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
![]() Eidangerfjorden 59°05′06″N 9°42′18″E / 59.085°N 9.705°E | |||
Wikimedia Commons: Eidangerfjorden |
På austsida av fjorden finst fleire kommunale badeplassar, m.a. Seivall, Brønnstadbukta og Røra (Skien kommune). Ytst i fjorden, ved Brevik, finst utskipingshamn for sementfabrikken Norcem. Lenger inne, på vestsida, ligg tettstaden Heistad med Heistadstranda, og fleire mindre friområde.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Eidangerfjorden» frå Wikipedia på bokmål, den .