Eidsfossen er ein foss i Gloppeelva aust på garden Eide i Gloppen kommune i Sogn og Fjordane. Fossen er ein kaskadefoss med eit fall på 32 meter. På grunn av den store vassføringa i elva er fossen eit tydeleg landemerke i kommunen, og er merkt som sjåverdig på kartet i vegboka til Norges Automobil-Forbund og av Statens vegvesen. Vassføringa er på sitt største mellom april og juli.

Eidsfossen
foss
08-07-29 Eidsfossen.jpg
Eidsfossen i august
Foto: C. Hill, 2008
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Sogn og Fjordane
Kommune Gloppen
Fossetype Kaskadefoss
Elv Gloppeelva
Totalt fall 32 m

Eidsfossen
61°45′21″ N 6°14′45″ E
Wikimedia Commons: Eidsfossen

Fossen blei bygd ut med elvekraftverk av Gloppen Energiverk (GEV) i 1917, og sidan 2000 driftet av Sogn og Fjordane energi (SFE). Kraftverket, Eidsfoss kraftverk, blei sist oppgradert i 2008.

Laksetrappa i Eidsfossen.

LaksetrappEndra

Ved fossen er det bygd ei laksetrapp som skal hjelpa laksen å vandre frå Gloppefjorden til Breimsvatnet. Området rundt trappa er tilrettelagd for publikum med bruer og rekkverk.

BakgrunnsstoffEndra

KjelderEndra

Koordinatar: 61°46′39″N 6°12′58″E