61°45′51.671″N 6°12′34.844″E / 61.76435306°N 6.20967889°E / 61.76435306; 6.20967889

Gloppeelva
elv
Kjelde Breimsvatnet
 •  høgd 61 moh.
Munning Gloppefjorden
Kart
Gloppeelva
61°45′52″N 6°12′35″E / 61.7644°N 6.20968°E / 61.7644; 6.20968
Wikimedia Commons: Gloppeelva
Gloppeelva ved Evebøfossen
Foto: Chell Hill
Eidsfossen i Gloppeelva fotografert 7. august 2008
Foto: Chell Hill

Gloppeelva, òg kalla Storelva, er ei elv i Gloppen kommune. Elva er utløpet frå Breimsvatnet, og munnar ut i Gloppefjorden, sør for Sandane sentrum, nær Sandane Camping. Elva er ei lakseelv, det vil seie at det går laks i elva.

Elva er regulert gjennom ei demning omtrent 1 km frå Breimsvatnet. Vasskraftverka Eidsfoss kraftverk og Trysilfoss kraftverk utnyttar vatn frå elva.

Ved elvemunningen ved Gloppefjorden har elva skapt eit delta av typen brakkvasssdelta. Fitjeelva som munnar ut like sør for Gloppeelva har medverka til at deltaet har fått ei vid og lang grunne, med sandbankar av ulik høgd. Tett ved området ligg Sandane Camping, som utnyttar sanden i deltaet til badestranda si. Elvane gjer at vatnet held noko lågare temperatur, men samstundes vert vatnet varma opp på den lange grunna forholdsvis raskt sommarstid.

Lakseelv

endre

Grunneigarane er organiserte i Gloppen Elveeigarlag og Indre Gloppen Elveeigarlag. Desse lagea forvaltar lakseførekomstane i elva, og leiger ut rettane til laksefiske. Dei står òg for vedlikehald av to laksetrapper i elva.

Dyreliv

endre

Deltaet og området rundt legg til rette for eit allsidig innslag av vadefuglar, og området er freda under namnet Bukta fuglefredningsområde.

På grunn av det gode fisket i området trekk elva til seg rovdyr og fugl. Området har tidvis hatt mange oterar, noko grunneigarane ikkje set pris på, då dei meiner dette truer villaksbestanden i elva. Grunneigarane har ved fleire høve fått fellingsløyve på oter i elva. [1] I 2007 vart det observert eit havørnpar ved elvemunninga. [2]

Kjelder

endre
  • Denne artikkelen bygger på «Gloppeelva» frå Wikipedia på bokmål, den 3. mai 2008.
    • Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
  1. «Fellingsløyve for oter i Gloppeelva oppheva av direktoratet». Fylkesmannen. 30. august 2006. Henta 29. april 2008. 
  2. «Havørn observert ved Gloppeelva». Firda. 13. mars 2007. Henta 29. april 2008.  artikkel med bileteserie

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Gloppeelva