Eidsnes er eit lite handelssenter og ei postnummeradresse, 6037, i Sula kommune i Møre og Romsdal. 2 015 personar budde på postadressa i 2020. Indre Sula kyrkje står på Eidsnes.

Postnummeradressa omfattar matrikkelgardane Kvasnes, Kongshaug, Veibust, Reithaug, Solavågseid, Leirvåg, Sunde, Solavåg og Bjørkavåg. E39 går gjennom området frå ferjestaden Solavågen, som faktisk ligg på Sunde, over Vegsundbrua inn i Ålesund kommune.

Dei siste tiåra har delar av området endra karakter frå landsbygd til villastrok, det gjeld fremst Sunde og Leirvåg. Såleis har folketalet nær dobla seg på om lag tretti år.

Solevåg skule, som er ein barneskule med to paralellar, ligg på Eidsneset.

Frå E39 på Solavågseid går Fylkesveg 61 vestover gjennom ytre Søre Sunnmøre til Riksveg 15 i Stad i Nordfjord.

Kjelder endre