Eikegrashoppe
insektart
Eikegrashoppe (Meconema thalassinum) er ei lita lysegrøn trampegrashoppe. Ho er den einaste reint trelevande grashoppearten i Noreg, og lever særleg på eik.
Eikegrashoppe | |
Eikegrashoppe | |
Status | |
Status i verda: Livskraftig Status i Noreg: Livskraftig[1] | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Leddyr Arthropoda |
Underrekkje: | Seksfotingar Hexapoda |
Klasse: | Insekt Insecta |
Orden: | Rettvenger Orthoptera |
Familie: | Lauvgrashopper Tettigoniidae |
Slekt: | Meconema |
Art: | Eikegrashoppe M. thalassinum |
Vitskapleg namn | |
Meconema thalassinum |
Eikegrashoppa lever av andre insekt. Hannane av arten har ei kroppslengd på 12–15 millimeter, hoene 11–15 millimeter.
Utbreiing
endreI Noreg finst eikegrashoppa i kyststroka langs Austlandet og Sørlandet, frå Hvaler og Sarpsborg i aust til Kristiansand i vest. I Oslo finst ho i fleire parkar i byen.[2] Elles finst eikegrashoppa over det meste av Europa, bortsett frå heilt i sør og heilt i nord. Ho finst austover til Kaukasus. Ho er òg innført i Nord-Amerika.
Kjelder
endre- Denne artikkelen nyttar som kjelde og kan innehalda tekst og formuleringar frå artikkelen Meconema thalassinum skriven av Hallvard Elven ogg Lars Ove Hansen. Artikkelen vart utgjeven av Naturhistorisk museum, Universitetet i Oslo under lisensen CC BY 4.0. Henta 27. desember 2017.
- Referansar
- ↑ Olsen KM og Lønnve OJ (24. november 2021). «Rettvinger: Vurdering av eikegresshoppe Meconema thalassinum for Norge. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 14. mars 2022.
- ↑ «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 14. mars 2022. Henta 14. mars 2022.