Eilef A. Meland

norsk politikar

Eilef Andreas Meland (fødd 12. april 1947) er ein norsk økonom, samfunnsforskar og politikar frå Haugesund, stortingsrepresentant 1989-97 frå Rogaland og for Sosialistisk Venstreparti (SV).

Eilef A. Meland

Fødd12. april 1947 (77 år)
Haugesund kommune
Statsborgar avNoreg
PartiSosialistisk Venstreparti
Yrkepolitikar
InstitusjonarUniversitetet i Stavanger
Alle verv

Far til Meland var skipsmeklar. Sjølv utdanna han seg til siviløkonom ved Handelshøjskolen i København. Etter militærteneste underviste han 1971-75 ved Grünerløkka kommunale handelsskole i Oslo, samstundes studerte han psykologi og sosiologi ved Universitetet i Oslo. Med cand.mag.-graden fekk han stilling som amanuensis ved Nordland Distriktshøgskole i Bodø, der han var tilsett 1975-79. Sidan hadde han 1979-82 forskarjobb i Rogalandsforskning, før han var undervisningsleiar i Norsk kommuneforbund og deretter lærar ved Ledaal videregående skole, begge i Stavanger og kvar i eitt år. Perioden 1984-88 var han lektor på Sosialhøgskolen i Stavanger.

Meland var 1983-91 bystyremedlem i Stavanger for Sosialistisk Venstreparti. Hausten 1989 vart han vald inn på Stortinget, attvald fire år seinare. Alle åtte åra var han medlem i Finanskomiteen. Toårsbolken 1985-97 var han nestleiar i SV.

Etter han var ferdig som stortingsrepresentant, var Meland tilsett ved Høgskolen i Stavanger/ Universitetet i Stavanger frå 1997 til 2017. Bortsett frå 2008-11, då han var instituttleiar, var han lektor i offentleg økonomi og forvaltning ved Institutt for sosialfag. Meland forfatta ei rekke rapportar og læreverk i politikk og økonomi. Mellom anna «Konkursen ved Stavanger Staal A.S.» i 1982 til Velferdsstatens økonomi i 2012, den siste utgjeven av Universitetsforlaget.

Dei to valperiodane 2007–11 og 2001–15 var Meland på ny folkevald for SV til bystyret i Stavanger. Han har elles hatt ei heil mengd på med styreverv, både som politikar og som forskar.

Kjelder endre