Christian Brodtkorb Christie

norsk arkitekt

Eilert Christian Brodtkorb Christie (fødd 24. desember 1832 i Bergen, død 13. september 1906 i Trondheim) var ein norsk arkitekt, utdanna i Hannover og Karlsruhe. Han stod mellom anna bak oppføringa av Stiftsarkivet i Trondheim (1860-åra), Borgund kyrkje (1865-1868) og Haraldsstøtta ved Haugesund (1872). Christie laga også restaureringsplanar for fleire mellomalderbyggverk, mellom andre Håkonshallen, Domkyrkja og Mariakirken i Bergen.

Christian Brodtkorb Christie

Statsborgarskap Noreg
Fødd 24. desember 1832
Bergen
Død

13. september 1906 (73 år)
Trondheim

Yrke arkitekt
Christian Brodtkorb Christie på Commons
Christies plan for restaurering av Nidarosdomen.

Hovudverket hans skulle likevel verte restaureringa av Nidarosdomen, som han leidde i åra 1872 til 1906. Christie stod som hovudansvarleg for restaureringa av koret, oktogonen, tverrskipa og dei nedre delane av vestskipet. I tillegg til å gjere innleiande studium av engelsk gotikk, sette Christie seg grundig inn i det tilgjengelege arkeologiske materialet, og meinte å kunne rekonstruere desse delane av kyrkja på ganske sikkert grunnlag. Hovudmålet hans var å setje kyrkja attende til den opphavlege gotiske og romanske forma, og han syrgde difor for å systematisk fjerne alt av nyare tilføyingar, mellom anna barokkhjelmen over oktogonen. Det gjennomført omhyggjelege arbeidet hans har hausta mange lovord, sjølv om måten han gjekk fram på verkar hardhend i vår tid.

Attoppbygginga hans av dei delane av kyrkja som var gått heilt tapt og ikkje kunne rekonstruerast frå sikre kjelder fall ikkje like godt ut. Gjenoppbygginga av hovudtårnet fekk kritikk heilt frå kort tid etter at tårnet stod ferdig i 1903. Særleg er tårnfoten for låg ut frå arkitektoniske omsyn og arkeologiske prov. Christie utarbeidde også planar for gjenoppføringa av vestfronten, men dei vart ikkje fylgde.

Christie leia restaureringsarbeida i Nidarosdomen til han døydde i 1906. Ei minnetavle over Christie er reist i det søre tverrskipet i Nidarosdomen. Christies gate i Trondheim ligg nær Nidarosdomen og er oppkalla etter Chr. Christie.

Utmerkelsar endre

Christie vart ridder av St. Olavs Orden i 1880, kommandør i 1895 og kommandør av 1. klasse i 1897. Han var også ridder av Dannebrogordenen.

Kjelder endre