Eilert Manngaard Dahl (15. september 19193. november 2004) var ein norsk kombinertrennar og langrennsløpar, fødd i Oslo, død på Hønefoss. Han vann i 1950 bronsemedalje med det norske stafettlaget i langrenn under VM i Lake Placid. Frå noregsmeisterskapane fekk han med seg to sølvmedaljar i kombinertøvinga. Dahl var medlem av Fossekallen Idrettsforening.

Eilert Dahl


Eilert Dahl, i midten, i Garmisch

Statsborgarskap Noreg
Fødd 15. september 1919
Spydeberg
Død 3. november 2004 (85 år)
Hønefoss
Idrett kombinert, langrenn
Tok del i Vinter-OL 1948

Karriere

endre

Dahl deltok under vinter-OL for Noreg i 1948 i St. Moritz og fekk sjetteplass i kombinert og 27. plass på 18 km. To år seinare gjekk Dahl andreetappen på det norske laget som tok bronsen i 4x10 km stafett i VM på ski i 1950 i Lake Placid. Dei andre på laget var Martin Stokken, Kristian Bjørn og Henry Hermansen.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn

endre
  • 1948: Nr 6 i vinter-OL i kombinert, nr 7 i Holmenkollen
  • 1950: Nr 5 i kombinert i Holmenkollen
  • 1952: Nr 6 på 18 km i Holmenkollen

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap

endre

Dahl fekk Kongepokalen i 1948 (liten pokal).[1]

Kjelder

endre
  1. «Kongepokalar NSF historisk oversikt» (PDF). Henta 11. desember 2016. 

Bakgrunnsstoff

endre