Henry Hermansen

Henry Hermansen (13. april 192118. januar 1997) var ein norsk langrennsløpar og skiskyttar frå Lunner. Han vart noregsmeister i skiskyting i 1959, og vann to NM-bronsar i langrenn og ein i skiskyting. I 1950 fekk han VM-bronse i langrennsstafett for Noreg. Hermansen var busett i Oslo og representerte IL i BUL.

Henry Hermansen
Fødd 13. april 1921
Lunner
Død

18. januar 1997 (75 år)
Oslo

Yrke skiskyttar, langrennsløpar

AktivEndra

Hermansen var ankermann på Oslo Skikrets sitt stafettlag som vart noregsmeister både i 1950 og 1951. Han har to tredjeplassar på 17 km frå ski-NM i langrenn både i 1949 og 1951. Hermansen var med i Noregs tropp til VM på ski i Lake Placid i 1950. Der vart han nummer 15 på 18 km, og var ankermann på Noregs stafettlag som vann bronse.

Hermansen avslutta som skiskyttar. Han vann NM i skiskyting i 1959, og vart såleis den aller fyrste noregsmeister i skiskyting. Same sesongen deltok han i VM i Courmayeur og kom på 10. plass, same plasseringa fekk han også i vinter-OL 1960 i Squaw Valley. I sitt siste VM, i 1962 i finske Tavastehus, vart han nummer 14. Han tok same året bronsemedaljen under noregsmeisterskapen i skiskyting på Elverum.

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskapEndra

  • 1949: Bronsemedalje på 17 km langrenn på Steinkjer
  • 1951: Bronsemedalje på 17 km langrenn i Narvik
  • 1952: Nr 6 på 18 km langrenn i Porsgrunn
  • 1959: Gullmedalje i skiskytingi Oslo
  • 1962: Bronsemedalje i skiskyting på Elverum

KjelderEndra

  • P.Chr. Andersen:Den nye olympiaboken. 1957
  • Sportsboken, aktuelle årgangar

BakgrunnsstoffEndra