Kristian Bjørn

Kristian Bjørn (22. august 19191. april 1993) var ein norsk langrennsløpar og gardbrukar, som var fødd og døydde i Alvdal og som representerte Alvdal Idrettslag. Han vann to sølvmedaljar i noregsmeisterskap på ski, og fekk i 1950 VM-bronse i stafett for Noreg.

Kristian Bjørn
Fødd 22. august 1919
Alvdal
Død

1. april 1993 (73 år)
Alvdal

Yrke langrennsløpar

AktivEndra

Bjørn deltok for Noreg i vinterleikane i St. Moritz i 1948 og kom på niandeplass 50-kilometeren. Seinare i OL-sesongen gjekk han inn til sølvmedalje på 18 km i NM på ski, med tida 1.02.49 var han 47 sekundar bakom vinnaren, Thorleif Vangen. Året etter vart det eit nytt NM-sølv på same distansen, klubbkameraten Ottar Gjermundshaug hadde då 36 sekundar betre tid.

Bjørn gjekk tredjeetappen for Noregs lag som tok bronse på 4x10 km stafett i VM på ski i 1950 i Lake Placid. Martin Stokken, Eilert Dahl og Henry Hermansen var dei andre norske medaljevinnarane.

Kristian Bjørn var sidan gardbrukar på Bjørnsplass i Alvdal.

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskapEndra

  • 1946: Nr 10 på 50 km i Drammen
  • 1947: Nr 4 på 30 km
  • 1948: Sølvmedalje på 18 km på Lillehammer
  • 1949: Sølvmedalje på 18 km på Steinkjer

BakgrunnsstoffEndra

  • (en) Kristian Bjørn – Profil og resultatoversikt i olympiske konkurransar på sports-reference.com.