Eilert Mo
Norsk språkforskar
Eilert Pedersson Mo (3. januar 1879–9. august 1936) var ein lærar og målgranskar frå Rindal.
Han tok lærareksamen i 1900 og var frå 1907 lærar i heimbygda til han døydde av kreft. Mo granska talemålet på Indre Nordmøre, særleg var han oppteken av fonetiske spørsmål. I tida 1915-31 gav han ut fire bøker/hefte: Stavingsdeling i rindalsmålet, Todalsmålet, Tonelagstilhøve i rindalsk og til sist, Nokre salmevers.
Kjelder
endre- Norsk Allkunnebok. VIII. bandet. 1958