Opna hovudmenyen

Rindal er ein tettstad og administrasjonssenteret i Rindal kommune i Trøndelag. Tettstaden ligg ved fylkesveg 340 vest for Igltjønna, like aust for elvemøtet mellom Surna og bielva Rinda. Rindal er den einaste tettstaden i kommunen og har 699 innbyggjarar per 1. januar 2017.

Rindal
tettstad
Rindal kirke 2012.jpg
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Trøndelag
Kommune Rindal
Areal 0,84 km²
Folketal 699 (2017)
Folketettleik 832 / km²
Postnummer 6657 RINDAL
Innbyggjarnamn rindaling
Preposisjon i Rindal

Tettstaden Rindal består av sjølve sentrum og buområda Brandhaugen, Vestre, Nordre, Gjøåbakken og Kirklandet. Tettstaden har atskilleg trevare- og næringsmiddelindustri. På torget i sentrum står ein statue av den gamle verdsmeisteren i langrenn og kombinert, Sigurd Røen. I sentrum står også fleirbrukshuset Rindalshuset med mellom anna idrettshall, styrkerom, klatrevegg, basseng, kinosal og bibliotek. I nærleiken ligg Rindal barne- og ungdomsskole, Rindal barnehage, Rindal bygdemuseum og ein grusbane. Sør for tettstaden står Rindal kyrkje, ei langkyrkje i tre frå 1874.[1]

Sjå ògEndra

KjelderEndra

  1. «Rindal – tettstedet». Store norske leksikon. 11. desember 2015. Henta 21. april 2018. 

BakgrunnsstoffEndra