Indre Nordmøre er eit geografisk omgrep som oftast omfattar kommunane Gjemnes, Tingvoll, Sunndal, Surnadal og Rindal. Det utgjer saman med Ytre Nordmøre distriktet Nordmøre i Møre og Romsdal fylke.

Før kommunesamanslutningane på 60-talet vart følgjande kommunar rekna til Indre Nordmøre (noværande kommune): Gjemnes og Øre (Gjemnes), Straumsnes og Tingvoll (Tingvoll), Øksendal, Sunndal og Ålvundeid (Sunndal), Stangvik, Surnadal og Åsskard (Surnadal) og Rindal (Rindal). Dette er berre hovuddraga i samanslutningane, då fleire kommunar gav delar til andre kommunar enn dei oppgjevne.

Språk

endre

Musikk

endre
  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.