Ein Netafim
Ein Netafim er ei vasskjelde i Eilatfjella som ligg nær den israelske grensa til Egypt. Kjelda ligg kring 7 km nord for byen Eilat, nær hovudveg 12. Dette er den einaste kjelda nær Eilat med vatn året rundt.
Ein Netafim | |||
vasskjelde | |||
Ein Netafim
| |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Sør | ||
Koordinatar | 29°35′49″N 34°52′59″E / 29.597014°N 34.883171°E | ||
Ein Netafim 29°35′49″N 34°52′59″E / 29.597014°N 34.883171°E | |||
Kart som viser Ein Netafim.
| |||
Wikimedia Commons: Ein Netafim |
Ein Netafim er den einaste naturlege vasskjelda i Eilatfjella som flyt året rundt og er ei drikkevasskjelde.
Historie
endreI 1950 prøvde Israel å grunnleggje ein jordbruksbusetnad nær kjelda, men denne vart fråflytta. Fram til seksdagarskrigen låg det ein israelsk militær utport nær Ein Netafim.
Kjelda har påverka kvar grensa mellom Det britiske imperiet og Det osmanske riket, gjekk, som er grensa mellom Israel og Egypt i dag. Britane bygde eit basseng for å samle vatn frå kjelda, men bassenget vart øydelagd av eit steinras. I 1965 vart det bygd eit nytt basseng, men dette vart øydelagd av ein flaum. Det nyaste bassenget er frå 1968.
Området kring Ein Netafim ved hovudveg 12 har vore åstad for to store terroråtak i 1990 og 2011. .
Bakgrunnsstoff
endre- Ein Netafim - An Israel Desert Hike with Rami – published on israelinsideout.com
- Birding Sites i Israel : Ein-Netafim – published on science.co.il