Ein Siniya (arabisk عين سينيا, ‘Ayn Sîniyâ) er ein liten palestinsk landsby med kring 700 innbyggjarar i Ramallah og al-Bireh guvernement, 10 km nord for Ramallah, og 1,5 km nordaust for Jifna.[2] Han ligg på ein fjellkam som går nord-sør over Vestbreidda i ei høgd på 759 meter over havet.

Ein Siniya
عين سينيا, 'Ayn Sinya, Ayn Siniya
kommune
Namneopphav: Sinyakjelda[1]
Land  Dei palestinske territoria
Guvernement Ramallah og al-Bireh guvernement
Koordinatar 31°58′21″N 35°13′47″E / 31.97250°N 35.22972°E / 31.97250; 35.22972
Areal 2,4 km²
Folketal 711  (2007)
Folketettleik 296 / km²
Kart
Ein Siniya
31°58′21″N 35°13′47″E / 31.9725°N 35.229722222222°E / 31.9725; 35.229722222222
Wikimedia Commons: Ein Siniya

Historie endre

Det er funne fleire graver hogde ut i berget kring landsbyen.[3] Conder og Kitchener skreiv i 1882 at eit lite krossfararfort verka å ha lege der,[4] men dette vart avkrefta i seinare kjelder.[5]

Ein Siniya har vanlegvis blitt identifisert som krossfarar-landsby Aineseins, som var ein av 21 landsbyar som kong Godfrey ga som eit len til Den heilage grav-kyrkja.[6][7][8] Men C. N. Johns skreiv i 1939, at han meinte Aineseins låg ved Tel Beit Shemesh.[5]

Osmansk tid endre

Palestina vart styrt av Det osmanske riket (1500- til tidleg 1900-talet), låg Ein Siniya i sjeikdømet Bani Zeid, i Jerusalem-distriktet. I 1556 var han den minste landsbyen i sjeikdømet, med under ti hushaldningar.[9] I osmanske skattelister frå 1596 var 'Ayn Slnya ein del av Al-Quds nahiya i Al-Quds liwa. Landsbyen hadde eit folketal på 12 hushaldningar, alle muslimar, og betalte skatt for kveite, bygg, oliven, vindruer, frukttre, tilfeldige inntekter, bikubar og/eller geiter.[10]

I 1870 vitja den franske oppdagaren Victor Guérin landsbyen, og estimerte at han hadde kring 200 innbyggjarar.[11] I 1882 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestina Ain Sinia som ein liten landsby, men «utan tvil særs gammal.»[4]

Kjelder endre

  1. Palmer, 1881, s. 224
  2. Grant, 1921, s. 223.
  3. Conder og Kitchener, 1882, s. 302
  4. 4,0 4,1 Conder og Kitchener, 1882, s. 291
  5. 5,0 5,1 Pringle, 1997, s. 20
  6. Conder og Kitchener, 1883, s. 11
  7. de Roziére, 1849, s. 30: Aessens, s.263: Aineseins, begge sitert i Röhricht, 1893, RRH, s. 16-17, No 74
  8. Rey, 1883, s. 376
  9. Singer, 1994, s. 77
  10. Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 117
  11. Guérin, 1875, s. 38

Bakgrunnsstoff endre