Bani Zeid (arabisk بني زيد) er ein palestinsk by i Ramallah og al-Bireh guvernement i nord på den sentrale Vestbreidda, 27 km nordvest for Ramallah, kring 45 kilometer nordvest for Jerusalem og kring 6 km sørvest for Salfit. Han har over 5 500 innbyggjarar, og vart grunnlagd då landsbyane Deir Ghassaneh og Beit Rima vart slått saman til ein kommune i 1966 under jordansk styre.[1] Byen er kalla opp etter ein arabisk klan som fekk området som eit len av ajjubide-sultanen Saladin på 1100-talet forå ha tent i den muslimske hæren under krosstoga. Han vart busett av medlemmar av stamma i lag med bønder frå området under mamelukk-sultanen Baibars midt på 1200-talet. Under osmansk styre tente området kring Bani Zeid som eit sjeikdøme med noko adminstrativ kapasitet. Det bestod av fleire landsbyar med Deir Ghassaneh som senteret. På denne tida dominerte Barghouti-familien sjeikdømet.

Bani Zeid
بني زيد, Bani Zeid al-Gharbiyya, Bani Zayd, Bani Zaid, Vest-Bani Zeid
by
Namneopphav: Zaid-stamma
Land  Dei palestinske territoria
Guvernement Ramallah og al-Bireh guvernement
Koordinatar 32°02′28″N 35°06′6″E / 32.04111°N 35.10167°E / 32.04111; 35.10167
Folketal 5 515  (2007)
Borgarmeister Abdel Karim Abu Aql
Kart
Bani Zeid
32°02′28″N 35°06′06″E / 32.041111111111°N 35.101666666667°E / 32.041111111111; 35.101666666667
Wikimedia Commons: Bani Zeid al-Gharbia
Nettstad: www.west-bzm.org

Under arabararopprøret 1936–39 mot Det britiske mandat-styret, var Deir Ghassaneh åstad for opprørssamlingar og britiske militærraid. I 1967 var Bani Zeid okkupert av Israel under seksdagarskrigen, men vart overført i det heile til palestinsk kontroll i 2000. Året etter vart han den første palestinsk-kontrollerte byen som var åstad for ein storoperasjon av israelske styrkar under den andre Intifada.

Historisk sett har hovudnæringa i Bani Zeid vore basert på oliven, som forsynte såpefabrikkane i Nablus. Fram til i dag dekkjr oliventre det meste av landsbygda. Innbyggjarane er likevel i større grad tilsette i offentlege tenester og private føretak. Det finst mange arkeologiske funn i Bani Zeid, mellom anna gamlebyen i Deir Ghassaneh, herregarden til sjeik Salih al-Barghouti og sjeik Sheikh al-Khawwas sin maqam («grav»).

Historie endre

Tidleg historie endre

Deir Ghassaneh har blitt identifisert som oldtidsbyen Saredah (òg skrive Zeredah), heimstaden til Jeroboam. I følgje somme kjelder var han busett av ghassanidane, eit arabisk, kristen stammeforbund, etter at han vart forlaten av israelittane.[2]

I følgje den israelske historikaren Moshe Sharon er ikkje Deir Ghassaneh eller Beit Rima[3] nemnd i tidlege arabiske kjelder, men ein trur at førstnemnde var busett under mamelukkane på grunn av dei mange husa som har bevart element av mamelukk-arkitektur.[2]

Bani Zeid-stamma i Palestina endre

Den moderne byen Bani Zeid fekk namnet sitt frå den arabiske stamma Bani Zeid, som slo seg ned i Palestina under ajjubidane seint på 1100-talet. Dei danna ein del av beduin-eininga i hæren til Saladin, som kom frå Hejaz. Etter omleiringa av Jerusalem i 1187, kapra styrkane til Saladin byen og ajjubidane vart sette i garnison der.[1] Bani Zeid budde ei stund i Jerusalem, og ei gate nær dagens al-Sa'idia-gate vart kalla opp etter dei, men har sidan fått nytt namn.[4]

For at Saladin skulle få overtydd Hejazi-arabarane om å bli med i hæren hans og til bli verande i Palestina, tilbaud han kvar stamme ei gruppe landsbyar som vart erobra frå krossfararane som iqta'len») der dei kunne slå seg ned og ta kontroll. Bani Zeid fekk landsbyane Deir Ghassaneh og Beit Rima, i tillegg til dei nærliggande byane Kafr Ein og Qarawa. Det var først i 1293, etter at Bahri-mamelukkane under sultan Baibars erobra kyststripa av Palestina og dreiv bort dei siste krossfararane, at Bani Zeid-stamma slo seg ned i desse landsbyane.[1]

Osmansk tid endre

I osmansk tid i Palestina vart område der Bani Zeid-stamma slo seg ned ein nahiya i Quds sanjak (Jerusalem) og bestod av over 20 byar og landsbyar, i tillegg til delvis kontroll oevr Salfit.[5] Desse landsbyane var registrerte og organiserte som andre landsbyar i Jerusalem sanjak, men vart òg handsama som ei gruppe. Kvar landsby var leia av ein ra'is (lokal høvding) og heile Bani Zeid nahiya vart leia av ein sjeik.[4] Bani Zeid sjeikdøme var ei politisk og administrativ eining av skatteårsaker og når det skulle kallast inn til militærteneste.[6]

Osmanarane kravde inn skattar for olivenolje, kveite og kornsorten bygg, og sjeiken var ansvarleg for å betale inntektene av skattane til dei osmanske styresmaktene. I tillegg måtte Bani Zeid betale ein waqf (religiøs gåve) til al-Aqsa-moskéen i Jerusalem og Ibrahimi-moskeen i Hebron.[4] I 1596 var både «Dayr Ghassana» go «Bayt Rima» oppførte i osmanske skattelister og begge landsbyane betalte skatt for kveite, bygg, oliventre, frukttre, vindruer, geiter og/eller bikubar.[7] Deir Ghassaneh hadde eit folketal på 76 hushaldningar, alle muslimar,[8] medan Beit Rima hadde 54 muslimske hushaldningar og 14 kristne hushaldningar.[9] I løpet av 1500-talet hadde dei fleste kristne innbyggjarane i Beit Rima flytta frå landsbyen til Jerusalem, Ramla og Gaza, men den gjenverande kristen folkesetnaden fortsette å vekse.[10]

1800-talet endre

På 1800-talet var Bani Zeid eit av 21 sjeikdøme sentralt i Palestina. Dei eksakte grensene varierer frå tid til tid, men vart generel markert av Wadi al-Dilb-elva i sør, som skilde det frå Bani Harith al-Shamali sjeikdøme, og Wadi Nattif-elva i nord, som skilde det frå Bilad Jamma'in. "/>

Den franske oppdagaren Victor Guérin vitja både Deir Ghassaneh og Beit Rima i 1863. Han skreiv om Deir Ghassaneh at han hadde kring 900 innbyggjarar og var bygd på eit fjell med utsikt over åsane rundt og «flotte» olivenlundar. Beit Rima hadde kring 350 innbyggjarar, og låg på ei høg slette dekt med oliven og fikenlundar. Husa i begge landsbyane var bygde av raud- og kvit murstein og moskéen i Deir Ghassaneh, som Guérin meinte var verdt å sjå, var bygd av kvit og svart stein.[11]

Moderne tid endre

 
Moskeen i Bani Zeid i 2012.

I 1936, under arabararopprøret i Palestina 1936–39 , bomba British Air Force ei gruppe på fire hundre lokale militsmenn som var samla utafor Deir Ghassaneh, og tok livet av kring 130 av dei.[12] Seinare, i september 1938, heldt lokale opprørarar møte i landsbyen, då det vart avgjort at Abd al-Rahim al-Hajj Muhammad og Arif Abd al-Raziq kvar skulle tene som øvstkommanderande for opprøret på rotasjonsbasis. Deir Ghassaneh vart så angripen av britiske styrkar med støtte frå jagarfly, då dei vart informert om møtet. Ein opprørsleiar, Muhammad al-Salih, vart drepen i kampane.[13]

Deir Ghassaneh og Beit Rima vart slått saman og fekk kommunestatus i februar 1966 under Jordan.[14] Rådhuset ligg i Beit Rima. I juni 1967 okkuperte Israel Vestbreidda etter å ha slått arabarane i seksdagarskrigen. I 2000 vart Bani Zeid ein del av Område A som vart gjeven til Den palestinske sjølvstyresmakta (PNA) etter Osloavtalen med Israel i 1993.[15]

Seint på kvelden den 24. oktober 2001, under den andre Intifada, gjekk den israelske hæren (IDF) til åtak mot Beit Rima i det som var det første store militærraidet inn i palestinsk-kontrollert område, i følgje Human Rights Watch (HRW).[16] IDF sa at føremålet med raidet var å ta dei påståtte gjerningsmennene som tok livet av den israelske turistministeren Rehavam Ze'evi, som vart skoten av medlemmar frå Folkefronten for frigjeringa av Palestina (PFLP) i ein hemnaksjon for attentatet til Israel på partileiaren Mustafa Zibri (Abu Ali Mustafa) i august.[17] Kring 50 personar frå Beit Rima vart tekne til fange og ført til den israelsk busetjinga Halamish for avhøyr. Dei fleste vart sleppte fri før dagen var over, men elleve menn vart haldne attende. I løpet av raidet to israelarane livet av seks palestinarar, inkludert tre medlemmar av palestinske nasjonale tryggingsstyrkar og to offiserar i det sivile politiet, medan sju andre vart skadde. Dei palestinsk styresmaktene i Beit Rima sa at dei ikkje hadde fått noko åtvaring frå IDF og at dei falne mennene hadde slappa av i ein olivenlund nær den lokal politistasjonen,[16] medan det israelske militæret hevda at dei drepne anten hadde skote først mot israelarane, eller kome mot dei på ein trugande måte.[18] HRW hevda at Raude halvmåne vart hindra frå å behandle dei skadde mennene før kl. 07 om morgonen, og at dette gjorde at dei to politioffisierane omkom.[16][17] Israelske styrkar øydela òg tre hus i byen, som visstnok høyrte til familiemedlammar av attentatmennene.[18]

Geografi endre

Bani Zeid ligg i det sentrale høgareliggande området på Vestbreidda, sørvest for ein utstikkar frå Hebronfjella til Jenin. Han ligg i snitt 510 meter over havet.[1] Den nordlege delen av byen (Deir Ghassaneh) er bygd på ein åstopp som ligg kring 450 meter oevr havet.[2] Bani Zeid ligg 17,5 km nord for Ramallah og mindre enn 45 km nordvest for Jerusalem.[19] I nærleiken ligg Kafr ad-Dik og Bruqin i nord, Qarawat Bani Zeid i nordaust, Kafr Ein i aust, Nabi Salih i søraust, Deir Nidham og den israelske busetjinga Halamish i sør, Aboud i sørvest, al-Lubban al-Gharbi og busetjinga Beit Aryeh i vest og busetjinga Peduel i nordvest.

Årsmiddelnedbøren i byen er 592,9 mm og luftfukta er i snitt 62 %. Årsmiddeltemperaturen er 17,4 °C.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Bani Zeid: Excerpt palestinsk Association for Culture Exchange
  2. 2,0 2,1 2,2 Sharon, 2004, s. 36.
  3. Meaning «The house of Rima», see Palmer, 1881, s. 226
  4. 4,0 4,1 4,2 Singer, 1994, s.76-78.
  5. Dei 20 landsbyane var 'Atara, Ajjul, 'Arura, Beit Rima, Deir Dibwan, Deir Ghassaneh, Ein Siniya, Yabrud, Jifna, Jiljiliya, Kafr Ein, Kafr Aqab, Qarawa, Kafr 'Ana, Mazari, al-Mazra'a ash-Sharqiya, Nabi Salih, Deir as-Sudan, Kobar, Surda. Sjå Singer, 1994, s. 77.
  6. Amiry, 1987, s. 46.
  7. Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 120-121
  8. Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 120.
  9. Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 121.
  10. Singer, 1994, s. 180.
  11. Guérin, 1875, s. 150 ff.
  12. Probert, 2006, s. 82.
  13. LeVine, Sonia Nimr, 2012, s. 150-151.
  14. «About Municipality» (på arabisk). Municipality of West Bani Zaid. Arkivert frå originalen 11. mars 2008. Henta 22. september 2015. 
  15. The Israeli Army Ravages Beit Rima Arkivert 2005-12-22 ved Wayback Machine. Applied Research Institute - Jerusalem. 2001-11-05.
  16. 16,0 16,1 16,2 Human Rights Watch. Israel, the Occupied West Bank and Gaza Strip, and The Palestinian Territories. 14:2. April 2002. s. 9-10.
  17. 17,0 17,1 Dellios, Hugh.Israel raids village to pursue assassins Chicago Tribune. 2001-10-05. s. 1-2.
  18. 18,0 18,1 Hanna, Mike. Hanna: Beit Rima clashes Arkivert 2008-05-13 ved Wayback Machine.. CNN. 2001-10-25.
  19. Maraqa, Hania Nabil. Palestinians; From Village Peasant to Camp Refugees: Analogies and Disparities i Social Use of Space. University of Arizona-Faculty of the School of Architecture. 2004.

Bakgrunnsstoff endre