Ein al-Beida (arabisk عين البيضا) er ein palestinsk landsby i Tubas guvernement nordaust på Vestbreidda. Han har eit folketal på kring 1 050.

Ein al-Beida
عين البيضا, Ayn al-Bayda, 'Ayn al-Baydah
kommune
Namneopphav: Den kvite kjelda
Land  Dei palestinske territoria
Guvernement Tubas guvernement
Koordinatar 32°22′49.64″N 35°30′27.73″E / 32.3804556°N 35.5077028°E / 32.3804556; 35.5077028
Areal 15,0 km²
Folketal 1 050  (2006)
Folketettleik 70 / km²
Grunnlagd 1952
 - Bystatus 1996
Kart
Ein al-Beida
32°22′50″N 35°30′28″E / 32.380455555556°N 35.507702777778°E / 32.380455555556; 35.507702777778
Wikimedia Commons: Ein al-Beida

Historie endre

Ein al-Beida vart grunnlagd i 1952 av arabiske bønder frå familiane Fuquha og Daraghmah frå Tubas, som eigde gardar i området og som ønskte å opprette ein landsby. Landsbyen er kalla opp etter ein brunn i området, Ein al-Beida, som fortida er tørr etter at Israel har utnytta vatnet i Jordandalen.[1]

Geografi og klima endre

Ein al-Beida ligg på ei slette aust i Jordandalen omgjeve av åsar og fjell. Han ligg 15 kilometer nordaust for Tubas, og grensa til Jordanelva i aust, Bardala i vest, Den grøne linja i nord og den israelske busetjinga Mehola i sør. Byen ligg 166 meter under havnivå.[1]

Ein al-Beida har varmt vêr, med varme, tørre somrar og kalde, tørre vintrar. Årsmiddelnedbøren i landsbyen er 275 millimeter. Årsmiddeltemperaturen er 21-22 grader Celsius og luftfukta er i snitt 55 %.[1]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 Ein al-Beida Village Profile Applied Research Institute - Jerusalem. February 2006.

Bakgrunnsstoff endre