Bardala (arabisk skrift بردلة, hebraisk skrift ברדלה) er ein palestinsk landsby i nord i JordandalenVestbreidda, som har 1 637 innbyggjarar. Landsbyen ligg i Tubas guvernement, 13 kilometer nordaust for Tubas og 28 kilometer nordaust for Nablus. Den israelske busetjinga Mehola ligg i nærleiken.[2]

Bardala
بردلة, ברדלה
kommune
Namneopphav: «Berdeleh», eit førenamn[1]
Land  Dei palestinske territoria
Guvernement Tubas guvernement
Koordinatar 32°23′10.73″N 35°28′55.08″E / 32.3863139°N 35.4819667°E / 32.3863139; 35.4819667
Areal 20,0 km²
Folketal 1 637  (2007)
Folketettleik 82 / km²
Grunnlagd 1500 fvt.
 - Bystatus 1996
Kart
Bardala
32°23′11″N 35°28′55″E / 32.386313888889°N 35.481966666667°E / 32.386313888889; 35.481966666667
Wikimedia Commons: Bardala

Historie endre

Bardala har ei historie som går attende til 1500 fvt. Ordet Bardala kjem frå Bardaweel — namnet på ein prins som styrte området i oldtida. I byen ligg eit palass kalla opp etter han. Arkeologar oppdaga at brunnane til Bardala er dei eldste i Jordandalen. Andre arkeologiske stader omfattar graver og kister frå forskjellige sivilisasjonar og heilagdomen al-Khader. Innbyggjarane i Bardala kom opphavleg frå området nær Tubas for å dyrke jorda og gje dyra beite,[3] og i 1882 vart landsbyen skildra av Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine som «i ruinar, men busett om våren av bønder frå åslandsbyane, som kjem ned hit for å finne beite og dyrke melonar og andre grønsaker kring kjeldene.»[4]

I 1945 vart folketalet i Bardala telt i saman med Tubas og Kashda, i følgje ei offisiell landmåling.[5] Folkesetnaden voks kraftig etter den arabisk-israelske krigen i 1948, då mange palestinarar vart heimlause etter at landsbyane i nærleiken vart øydelagde.[3]

Før Israel erobra området i seksdagarskrigen i 1967 hadde landsbyen rike vassressursar,[3] som kom frå ei lokal kjelde. Denne tørka inn då israelarane gravde ein djupare brunn i nærleiken. Avtalar vart gjort for å skaffe alternative vassforsyningar, og etter Osloavtalen i 1993 vart det laga nye avtalar. Under den andre Intifada stoppa innbyggjarane i Bardala å betale både vass- og straumrekninga til Den palestinske sjølvstyresmakta, og som følgje av dette forseinka dei palestinske styresmaktene utbetringa av infrastrukturen i området.[2] Israel sette restriksjonar for kvar landsbybuarane kunne flytte seg, og dei kunne dermed ikkje lenger dyrke eller hauste avlingane sine. Sidan 2000 har 200 mål med grønsaksavlingar blitt planert og mange tre er hogge ned, medan 4 000 mål med jord er konfiskert.[3]

I mars 2012 stod kjelda Ein El Azut, som høyrer til Bardala, oppført på ei SN-liste over dei mange kjeldene som israelsk busetjarar har teke på ulovleg vis. Lokale palestinarar nytta tidlegare kjelda for kunstig vatning og til dyra sine.[6]

Geografi og klima endre

Bardala ligg aust i Jordandalen, like sør for Jezreeldalen og grensa til Israel. Han ligg 71 meter under havnivå. Av byar og landsbyar i nærleiken finn ein Tubas i nordaust og Ein al-Beida i aust.

Byen har eit varmt klima med varme og tørre somrar og kalde, tørre vintrar. Årsmiddelnedbøren er 293 millimeter og årmiddeltemperaturen er 21 til 22 grader Celsius. Den gjennomsnittlege luftfukta er 55 %.[3]

Kjelder endre

  1. Palmer, 1881, s. 199
  2. 2,0 2,1 Isabel Kershner,Strategic Corridor in Vestbreidda Remains a Stumbling Block in Mideast Talks,', New York Times, 4. januar 2014.
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 Bardala Village Profile Applied Research Institute - Jerusalem.
  4. Conder og Kitchener, 1882, s. 227
  5. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 61, 108, 158
  6. How disposession happens; the humanitarian impact of the takeover of Palestinian water springs by Israeli settlers Arkivert 2014-02-24 ved Wayback Machine., the UN March 2012, s. 24

Bakgrunnsstoff endre