Einar Joys (fødd 23. november 1873 i Bergen, daud 9. mai 1952) var ein norsk advokat frå Bergen. Frå 1936 til 1943 var han administrerande direktør i Det Bergenske Dampskibsselskab, og tok over denne rolla etter Kristofer Lehmkuhl, som då hadde vore direktør i 28 år.

Joys var son av oberst Wessel Joachim Reehorst Joys (1841-1922) og Lina Storjohann. Han vart cand. jur. i 1897, sorenskrivarfullmektig i 1898 og praktiserande sakførar i Bergen i 1901, før han var direktør i Det Bergenske Dampskibsselskab i 1917.

Frå 1904 til 1917 var han sekretær i Norsk Arbeidsgiverforening, Vestenfjellske distrikt og var medlem i direksjonen for A/S Vestlandske Petroleumscompagni 1912

Han var gift i 1905 med Albertine Friele, syster til Herman Friele.

Kjelder endre