Kristofer Lehmkuhl

norsk politikar

Kristofer Didrik Lehmkuhl (fødd 26. september 1855 i Bergen, død 23. desember 1949 same stad)[1] var ein norsk forretningsmann og politikar. Han sat på Stortinget 1904-1906 og var arbeidsminister i Christian Michelsen si regjering frå 11. mars 1905 til 28. september 1907.[2] I perioden 1908 til 1936 var han direktør for Det Bergenske Dampskibsselskab.

Kristofer Lehmkuhl

Kristofer Lehmkuhl
Fødd25. september 1855
Bergen
Død23. oktober 1949 (94 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
YrkePolitikar, børskommissær og direktør for
Det Bergenske Dampskibsselskab
BarnJoakim Lehmkuhl, Herman Kristoffer Lehmkuhl
VervMedlem av Bergen bystyre 1893-1898 og 1898-1901
VervStortingsrepresentant 1904-1906
VervArbeidsminister i Regjeringa Michelsen
for Samlingspartiet 19051907
Alle verv

Han har fått seglskuta «Statsraad Lehmkuhl» oppkalla etter seg.

Lehmkuhl var ein av dei ivrigaste forkjemparane for opprettinga av Norges Handelshøyskole, og det står ein statue av han ved NHH laga av Ørnulf Bast.[1]

Han var gift med Magdalene Marie Michelsen, søster av Christian Michelsen, og var far til Joakim Lehmkuhl.

Utmerkingar endre

Lehmkuhl vart riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden i 1894 og fekk kommandørkrossen av 2. klasse i 1899, av 1. klasse 1907 og storkrossen i 1935. Av andre utmerkingar kan nemnast 7. juni-medaljen, Kroningsmedaljen i gull og Dannebrogordenen.[1]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 Kristofer Lehmkuhl frå Norsk biografisk leksikon
  2. Biografisk informasjon om Kristofer Lehmkuhl NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv