Einar Kringlen
Einar Kringlen (fødd 6. juni 1931) er ein norsk professor i psykiatri. Han er fødd i Høyanger og busett i Oslo. Han vart cand. med. i 1958 og dr. med i 1967. Kringlen var professor i klinisk psykologi ved Universitetet i Bergen 1969-1971 og professor i medisinsk åtferdsfag 1967-1983. I tida 1984-2001 var han professor i psykiatri ved Universitetet i Oslo og administrativ overlege ved Psykiatrisk klinikk, Vindern i Oslo.
Einar Kringlen | |||
Fødd | 6. juni 1931 Høyanger kommune | ||
---|---|---|---|
Nasjonalitet | Noreg | ||
Område | schizofreni, bipolar liding, epidemiologi, tvillingstudier | ||
Yrke | psykiater, professor | ||
Institusjonar | Universitetet i Oslo Universitetet i Bergen | ||
Alma mater | Universitetet i Bergen Universitetet i Oslo | ||
Medlem | Det Norske Videnskaps-Akademi |
Kringlen har utført omfattande tvillingstudiar og epidemiologiske undersøkingar av utbreiinga av psykiske lidingar i befolkninga. Han har mellom anna blitt kjend for utspelet om at krisepsykologi ikkje hjelp og at krisepsykologar sjeldan klarar å hjelpe mennesker ved hjelp av rutinemessige debrifingar.[1]
Han har vore aktiv i debattane om samfunns- og helseforhold i Norge og om Midtausten-konflikten. Kringlen var den første leiaren i Norske leger mot atomvåpen i 1981.
Kringlen er ein internasjonal kjend forskar.
Han er riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden (1998).
Bibliografi
endreBøker
endre- 1967 – Heredity and environment in the functional psychoses. 1 : An epidiological-clinical twin study (Oslo: Universitetsforlaget) I fulltekst ved nb.no
- 1967 – Heredity and environment in the functional psychoses. 2 : Case histories (Oslo: Universitetsforlaget) I fulltekst ved nb.no
- 1972 – Psykiatri (Bergen: Universitetsforlaget). ISBN 8200022617
- 1977 – Psykiatri og historie (Oslo: Cappelen). ISBN 8202037905 I fulltekst ved nb.no [Redigert av Einar Kringlen]
- 1979 – Placebo i medisinen (Oslo: Universitetet i Oslo, Inst.for medisinske atferdsfag) I fulltekst ved nb.no
- 1979 – De koronare hjertesykdommers etiologi : en kritisk oversikt (Oslo: Universitetet i Oslo, Inst.for medisinske atferdsfag) I fulltekst ved nb.no [Av: Einar Kringlen, Ulrik Fredrik Malt]
- 1979 – Kompendium i medisinske atferdsfag. III : Lege/pasient-forholdet (Oslo: Universitetsforlaget). ISBN 8200019470 I fulltekst ved nb.no
- 1980 – Individ og psykiatri (Bergen: Universitetsforlaget). ISBN 8200052532 I fulltekst ved nb.no
- 1983 – Syke mennesker og medisinsk behandling : innføring i medisinske atferdsfag (Oslo: Universitetsforlaget). ISBN 8200058336 I fulltekst ved nb.no
- 1985 – Psykiatri i arbeidslivet (Oslo: Universitetsforlaget). ISBN 8200075362 I fulltekst ved nb.no [Av: Einar Kringlen, Asbjørn Medhus]
- 1986 – Medisin og samfunn (Oslo: Universitetsforlaget). ISBN 8200076652 I fulltekst ved nb.no
- 1986 – Mennesker i utvikling (Oslo: Universitetsforlaget). ISBN 8200076660 I fulltekst ved nb.no
- 1986 – Pasientbehandling (Oslo: Universitetsforlaget). ISBN 8200076644 I fulltekst ved nb.no
- 1991 – Psychiatry at the crossroads between social science and biology : festschrift in honour of professor Einar Kringlen on his 60th birthday (Oslo: Norwegian University Press). ISBN 8200404447 I fulltekst ved nb.no [Red.: Svenn Torgersen, Pål Abrahamsen, Tom Sørensen]
- 1992 – Depresjoner (Stavanger: Psykiatrisk opplysningsfond). ISBN 8277860099 I fulltekst ved nb.no
- 1999 – Den kliniske samtalen : kommunikasjon og pasientbehandling (Oslo: Universitetsforlaget). ISBN 82-00-45068-69 [Av: Einar Kringlen, Arnstein Finset]
- 2001 – Psykiatriens samtidshistorie (Oslo: Universitetsforlaget). ISBN 82-518-4002-3
- 2007 – Norsk psykiatri gjennom tidene (Oslo: Damm). ISBN 978-82-04-13350-2
- 2014 – Sykdom og politisk lederskap : essays om normalitet og avvik i politikken (Oslo: Vidarforlaget). ISBN 978-82-7990-236-2
Referanser
endre- ↑ «Krisepsykologi hjelper ikke» Arkivert 2007-09-29 ved Wayback Machine., artikkel frå nettstaden forskning.no
Bakgrunnsstoff
endre- Einar Kringlen - Norsk biografisk leksikon
- Einar Kringlen - Allkunne - levande leksikon
- Publikasjonar av Einar Kringlen i BIBSYS
- Publikasjonar av Einar Kringlen i forskingsdokumentasjonssystemet Cristin