Einar Lea
Einar Hagbarth Martin Lea (11. mars 1887–9. juni 1969) var ein norsk marinbiolog og biometrikar frå Stavanger. Han var særleg kjend for si forsking på sild.
Einar Lea | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 11. mars 1887 |
Død | |
Yrke | biolog |
Etter eksamen artium ved Stavanger katedralskole i 1906 studerte Lea både kjemi, zoologi og botanikk ved Universitet i Kristiania. I perioden 1909-17 arbeidde han i fiskeridirektør Johan Hjort si havforskingsgruppe i Bergen. Her oppdaga Lea nye måtar i å fastsette alderen til ein fisk, og viste korleis ein bestand varierer i storleik. Gjennom den såkalla Lea-Dahls-metoden undersøker ein skjella for å fastsette alderen på fisken, medan Lea si metode frå 1929 vert nytta for å bestemme kvar fisken kjem frå.
I 1930 flytta Lea til Oslo og vart Hjort sin assistent ved bio-laboratoriet på Universitetet i Oslo. Her utvikla han måtar i å merke fisk på. I 1944 tok han over sjefsstillinga ved Havforskingsinstituttet i Bergen. Han vart kjend for eit større publikum gjennom foredrag i NRK Radio, til dømes «Foran vintersildfisket».
Han døydde i Oslo.
Kjelder
endre- Norsk Allkunnebok. VIII. bandet. 1957