Havforskingsinstituttet
Havforskingsinstituttet, som har hovudkontor og laboratorium på Nordnes i Bergen, ei avdeling i Tromsø, og forskingsstasjonar i Matre, Austevoll og Flødevigen, er det største marine forskingsmiljøet i Noreg. Instituttet vart skipa 15. oktober 1900. Fram til 1989 var det underlagt Fiskeridirektoratet, deretter vart det lagt beinveges under departementet.
Havforskingsinstituttet | |||
| |||
Org.form | Organisasjonsledd | ||
---|---|---|---|
Org.nr. | 971349077 | ||
Bransje | Forsking | ||
Skipa | 1900 | ||
Morselskap | Nærings- og fiskeridepartementet, Fiskeri- og kystdepartementet | ||
Hovudkontor | Bergen | ||
Land | Noreg[1] | ||
Nettstad | https://hi.no (norsk) |
Oppgåver
endreInstituttet har som oppgåve å ta seg av forsking som kan gje både styresmaktene, havbruks- og fiskerinæringa og samfunnet elles eit godt grunnlag for å take vare på miljøet i havet og trygge eit langsiktig og godt utbytte av fisk og andre viltlevande ressursar i havet og frå havbruket. Forskinga på klimatiske endringar og kjemisk forureining av havområda og korleis dette kan ha innverknad på livsvilkåra i havet, har òg ein viktig plass i instituttet si verksemd. Miljøtilhøva og økosystema er av ein slik natur at eit breitt internasjonalt samarbeid om både forsking og forvalting er naudsynt.
Ein viktig del av forskinga er konsentrert om dei fiskeressursane som er grunnlaget for dei norske fiskeria. Økosystemet i kystsona, botndyrsamfunn på kontinentalsokkelen og fangstteknologi er mellom forskingsoppgåvene. Havforskingsinstituttet arbeider dessutan med å med få fram ny, grunnleggjande biologisk kunnskap om laksefisk, marine arter og skaldyr for å utvikle den norske havbruksnæringa, soleis ved å forske på genetikk, fysiologi, fiskevelferd og fiskehelse.
Forskingsfartøy
endreMykje av av forskinga er basert på observasjonar og målingar til havs og langs kysten. Havforskingsinstituttet har ein eigen skipsreiaravdeling som tek seg av drifta og vedlikehaldet av instituttets forskingsfartøy: «Prinsesse Ingrid Alexandra», «G.O. Sars», «Johan Hjort», «Håkon Mosby» og «G.M. Dannevig», og dessutan drifta av Universitetet i Bergen sitt skip, «Hans Brattström». Avdelinga står òg for innkjøp og handsaming av vitskapleg utstyr. Når det trengst for særskilde forskingsføremål, vert to andre skip òg leigd inn.
Forskingsstasjonar
endre- Forskingsstasjonen Flødevigen ligg på Hisøy ved Arendal, etablert i 1882 for klekking og utsetting av torskelarver. I dag er stasjonen særleg engasjert i forsking som gjeld miljøtilstand, biologisk produksjon, tolegrenser og verneområder i kystsona, og rådgiving som har med forvaltinga av kysten å gjere.
- Forskingsstasjonen Matre, som ligg i Matre i Masfjorden, vart etablert i 1971, utvida og modernisert i 2005–2006. Her har det hovudsakleg vore arbeidd med laksefisk, men etter ombygginga har det i tillegg vore arbeidd med spørsmål som har å gjere med marine artar med omsyn til klima, velferd og reproduksjon.
- Forskingsstasjonen Austevoll ligg på Huftarøy i Austevoll kommune, etablert i 1978, og har som oppgåve å forske på ein rad marine organismar med tanke på oppdrett, mellom anna kveite, torsk, hyse, kamskjel, hummar og leppefisk.
- Avdeling Tromsø vart etablert i 2003 for å take seg av forsking og rådgjeving som gjeld botnhabitat, skaldyr, sjøpattedyr og fisk. Avdelinga er ein viktig bindelekk til andre forskingsmiljø i Tromsø.
Kjelder
endre- ↑ Norsk senter for forskningsdata, Forvaltningsdatabasen ID 6621, Wikidata Q7061260
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |