Einav (hebraisk skrift עֵנָב) er ein kollektiv landsby og ei israelsk busetjing nord på den okkuperte Vestbreidda. Han ligg mellom Avnei Hefetz og Shavei Shomron og er underlagt Shomron regionale kommune. Han vart grunnlagd i 1981 med støtte frå organisasjonen Amana, og har i dag kring 600 innbyggjarar. Namnet på landsbyen kjem frå vindruene som brukte å vekse i området.

Einav
עֵנָב, עינב
landsby
Namneopphav: Druer
Land  Palestina
Region Vestbreidda
Distrikt Judea- og Samaria-området
Kommune Shomrom
Koordinatar 32°17′3.88″N 35°7′33.74″E / 32.2844111°N 35.1260389°E / 32.2844111; 35.1260389
Areal 466 km²
Grunnlagd 1981
 - Grunnlagd av Amana
Kart
Einav
32°17′04″N 35°07′34″E / 32.284411111111°N 35.126038888889°E / 32.284411111111; 35.126038888889
Wikimedia Commons: Einav

Busetjinga vert, saman med dei andre israelske busetjingane på Vestbreidda, rekna som ulovleg etter folkeretten.[1]

Kjelder endre

  1. «The Geneva Convention». BBC News. 10. desember 2009. Henta 27. november 2010. 

Bakgrunnsstoff endre