Eirik Brandsdal (fødd 11. november 1986 i Oslo) er ein norsk langrennsløpar som har spesialisert seg innanfor sprint. Han blei fødd på Kjelsås i Oslo, der han også bur i dag. Erik har vore på det norske sprintlandslaget sidan 2010. I tillegg til landslaget går han for langrennsklubben Kjelsås IL, som han har vore ein del av sidan han var liten.

Eirik Brandsdal


Statsborgarskap Noreg
Fødd 11. november 1986 (37 år)
Oslo
Idrett langrenn
Tok del i

Vinter-OL 2014, Ski-VM 2011, Ski-VM 2013, Ski-VM 2015

Eirik Brandsdal i 2019

Verdscup og noregsmeisterskap endre

Eirik Brandsdal gjekk sin fyrste verdscuprenn den 17. mars 2007. Den 5. desember 2009 fekk Brandsdal sin fyrste pallplass i sprintrennet i Düsseldorf. Hans fyrst verdscupsiger kom den 23. januar 2011 i eit sprintrenn i Otepää i Estland. Ei veke etter sigeren vart han norsk meister i sprint fristil. Rennet gjekk i Steinkjer den 28. januar 2011.

Han har totalt fire verdscupsigrar frå fire forskjellige stader; Otepää, Milano, Drammen og Stockholm. Dei tre sistnemnde sigrane kom alle i 2012. Han har også ein andreplass og to tredjeplassar i verdscuprenn. Samanlagt vart han nummer tre og beste nordmann i sprintcupen 2012. I 2013 tok han bronsemedaljen i NM på ski på 50 km.

Verdsmeisterskap endre

Brandsdal deltok i Ski-VM 2011, 2013 og 2015. I den siste meisterskapen tok han seg til finalen i sprintøvinga, men fall og kom i mål som sjette og sistemann.

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre